nyhende
Jubileumsbok om Fjon Bruk
Fredag presenterte forfattar og forleggar Tor Inge Vormedal boka «Fjon Bruk 50 år: Eit lite stykke norsk oppdrettshistorie». Boka har han skrive på oppdrag frå Alsaker Fjordbruk.
Presentasjonen gjekk føre seg i kantina på Fjord Bruk med både noverande og tidlegare tilsette til stades. I tillegg var både representantar frå Alsaker Fjordbruk sitt hovudkontor på Tysnes og sveioordførar André Mundal Haukås med på markeringa.
Fylgde med frå start
Settefiskanlegget på Fjon blei etablert av skipsreiar Jacob Stolt-Nielsen under namnet Sea Farm i 1973. 50-årsjubileet blei markert i fjor. Jubileumsboka kjem såleis eitt år på etterskot.
Tor Inge Vormedal tok eit personleg utgangspunkt då han presenterte bokprosjektet.
– Sommaren 1973 ferierte familien min på campingplassen på Fjon. Eigentleg skulle me på ferie til Danmark det året, men den turen blei avlyst etter at eg brakk armen. I staden fekk eg ein fantastisk sommar der eg som gutunge fylgde interessert på byggeprosessen til Sea Farm, fortalde han.
Boka fortel om Fjon og Fjonelva før i tida og tar for seg historia til anlegget gjennom eigarskifte og utvikling fram til i dag. Alsaker Fjordbruk overtok i 2006 og har seinare investert fleire hundre millionar. Vormedal set også utviklinga på Fjon inn i ein større samanheng ved å fortelja trekk frå heile den norske oppdrettshistoria. Han har også sett seg inn i og fortel om laksen sin livssyklus.
Gir jobb til ungdommar
Fjon Bruk er ei viktig næringsverksemd i Sveio, og ordførar André Mundal Haukås la vekt på ei av sidene ved dette då han gratulerte med jubileumsboka.
– Verksemda her har i alle år vore opptatt av å gi lokale ungdommar sommarjobbar og helgejobbar og på den måten gitt dei eit første møtet med arbeidslivet, sa han.
Haukås har sjølv vakse på tett på Fjon Bruk, der bestefaren Harald Mundal var ein av dei første tilsette og driftsleiar i mange år. Haukås jobba også her i ungdommen og har no permisjon frå ei stilling i Alsaker Fjordbruk-konsernet medan han er heiltids politikar.
Sveibuar medverkar
Vormedal fortel at han har brukt eit halvt år på å skriva jubileumsboka, der mange av dei noverande og tidlegare tilsette har vore viktige kjelder. Tidlegare Haugesunds Avis-journalist Per A. Enge er representert med nokre bilde. Boka er grafisk utforma av tidlegare Vestavind-redaktør Irene Flatnes Haldin og trykt av HBO Grafisk AS.