nyhende

7 år gamle Jostein Tvedte Ravatn selde vaflar og kaffi, og fekk inn ein god slump med pengar til krigsofra i Ukraina.FOTO: PRIVAT
7 år gamle Jostein Tvedte Ravatn selde vaflar og kaffi, og fekk inn ein god slump med pengar til krigsofra i Ukraina.

Jostein (7) selde vaflar for Ukraina

7 år gamle Jostein Tvedte Ravatn synest at det er trist å tenke på alle ofra i Ukraina-krigen, og bestemte seg for at han ville hjelpe. Sundag selde han kaffi og vaflar i vegkanten ved heimen sin i Valevåg. — Når dei har brukt opp pengane, kan eg sikkert selje meir, seier førsteklassingen.

Publisert Sist oppdatert

Krigen i Ukraina gjer djupt inntrykk på både vaksne og barn, også i Sveio. På Tveita i Valevåg bor 7 år gamle Jostein Tvedte Ravatn.  Laurdag spurde han foreldra sine om det var noko han kunne gjere for hjelpe dei som no flyktar frå heimane sine grunna krigshendingane i landet sitt.

— Dei har lite pengar

Saman med foreldra fann Jostein ut at det gjekk an å steike vaflar og koke kaffi, som han kunne selje til inntekt for ofra.

7 år gamle Jostein Tvedte Ravatn selde vaflar og kaffi, og fekk inn ein god slump med pengar til krigsofra i Ukraina.

— Kvifor ville du hjelpe menneskja i Ukraina på akkurat denne måten?

— Dei har lite pengar, så då ville eg hjelpe dei med det, fortel 7-åringen til Vestavind.

Mora, Agnes Ravatn, fann fram vaffeljarnet, medan Jostein fekk ordna seg med eit bord ved Vasslivegen, 50 meter frå huset han bur.

Takkar dei som handla

Jostein takkar alle som kom innom og handla hos han. Han fortel at det var både, slekt, vener og tilfeldige turfolk som som handla.

— Bestefar kjøpte, Elisabeth og dei kjøpte, og nokon andre, fortel 7-åringen som til dagleg er skuleelev ved Valestrand oppvekstsenter.

I løpet av to timar selde han kaffi og vaflar for ein god slump pengar.

Ifølgje pappa, Håvard Tvedte, viste rekneskapen etter kaffi- og vaffelsalet heile 2.065 kroner. Alle pengane blir overført til Redd Barna sitt arbeid for krigsofra i Ukraina.

— Har du tenkt å hjelpe menneska frå Ukraina noko meir?

— Når dei har brukt opp pengane, så kan eg sikkert selje meir vaflar, seier Jostein.

Ser på Supernytt

Mamma Agnes synes det er fint at ungane kan vere med og hjelpe krigsofra på denne måten. Ho fortel at sonen får med seg det som skjer i Ukraina gjennom Supernytt på NRK (nyheitssendingar for born, red. merknad).

— Me vaksne er jo opptatte av det som skjer, og ungane får med seg at me snakkar mykje om det, og dei har mange spørsmål, fortel ho.

Powered by Labrador CMS