nyhende
Jorun Stiansen fekk sveibuen til å klikke
Sveibuen er glad i lese om både kjendisar og om naboen sin. Ein dag i mai fekk dei begge delar på ein gong då, Jorun Stiansen kom til bygda for å dele ut lotteri-vinstar. Historia om besøket hennar vart den mest leste saka på Vestavind si nettavis i mai.
Artist og programleiar Jorun Stiansen er frontfigur for Postkodelotteriet, og då den kjende artisten kom til Sveio for å dele ut premiar til heldige vinnarar 11. mai, så spratt også Vestavind sine lesartal til vêrs.
Saka me laga på hendinga vart, kanskje ikkje så overraskande, den meste leste i mai.
Nasjonaldagen
Det skal seiast at den breie 17. mai-dekninga, kor me òg fekk god hjelp frå lesarar som delte sine bilde, samla fleire lesarar totalt, men då fordelt på fleire enkeltsaker.
Populær festival
Utanom Stiansen og nasjonaldagen, så var det reportasjen frå den nye og store Valestrand kulturfestival som drog opp dei digitale lesartala sist månad.
Godt lest var òg saka om paret Nils og Nina Matre og deira satsing på Camp Ålfjorden.
Og fortellinga om heltedåden til Odd Magne Lyngholm. Vaktmeisteren som truleg hindra ein stor skog- og lyngbrann då han tilfeldigvis oppdaga røyk i skogen då han køyrde langs Paddevegen, var det òg mange som leste.
Han heldt sjølv flammene i sjakk med sløkkeapparatet han hadde i bilen sin fram til brannvesenet kom til staden.
Har du eit tips om noko vi bør skrive om? Send e-post til tips@vestavind-sveio.no