nyhende

Jorda rundt-reise på skulen

Reisefeber prega nest siste skuledagen før påskeferien på Auklandshamn skule. Då sjekka alle elevane – og dei tilsette – inn gjennom visum- og passkontroll for å oppleva resultatet av eit prosjektarbeid som femte, sjette og sjuande årstrinn hadde brukt ni veker på å gjennomføra.

Publisert Sist oppdatert

«Jorda rundt-messe» kalla dei framsyninga, ei omfattande utstilling med presentasjon av alle verdsdelane og eit breitt utval av land. Elevane har brukt mest all tid og jobba tverrfagleg for å finna fakta om politikk og kultur, religionar, næringsliv, natur og miljø , dyreliv, mat, barneleiker og mykje anna.

Annleis og gøy

— Det har vore veldig gøy, mest fordi det har vore ein annan måte å jobba på. Me har vore innom alle verdsdelane, og så har me valt kvar våre land å samla informasjon om, fortel Ida Bjelland i sjette klasse og Agnes Amalie Hjortland i sjuande.

Dei har lært mykje nytt, men også fått stadfesta noko dei visste frå før, legg dei to elevane til.

Dei var turistguidar under utstillinga. Andre medelevar sto på stands for dei ulike verdsdelane og kunne fortelja «besøkande» om alle landa det var laga små brosjyrer om.

— Er den kinesiske muren synleg frå verdsrommet? spør femteklassingen Tilly Marie

Økland  og får journalisten til å gå fem på. Etterpå fortel ho så levande om Georgia som om ho aldri skulle ha gjort noko anna.

Vil gjerne gjera det igjen

Kontaktlærar Camilla Solsvik Økland var initiativtakar til det tverrfaglege undervisningsopplegget. Ho fortel at ho har utvikla opplegget saman med kollegaer. Mykje har blitt til under vegs, og resultatet har blitt så bra at Økland kan tenkja seg å gjenta det. Men sidan femte, sjette og sjuande klasse er saman på Auklandshamn skule, blir det neppe ny reiselivsmesse på skulen før om tre år.

— I prosjektperioden har elevane sjekka inn gjennom passkontrollen og dokumentert at dei hadde visum til dei landa dei skulle besøkja. Dei har i stor grad samla inn faktastoff om landa på eiga hand, men også hatt jamlege samtalar med meg og fått innspel. Så har me også hatt ein del fellesundervisning, blant anna om urfolk ulike stader i verda, fortel Økland vidare.

Noko av det ho ser tilbake på med størst glede, var då alle elevane i prosjektet skreiv postkort til foreldra sine og fortalte om landa dei var «på besøk» i.

— Eg var postbod og kjørte rundt og la korta i postkassane til foreldra, fortel kontaktlæraren.

Eit populært innslag under framsyninga var ein quiz der alle svara var å finna på dei ulike innstillingane. Heldige quiz-vinnarar blei trekte ut under ein felles påskefrukost på skulen fredag, siste dag før påskeferien.

Stor innsats

Rektor Camilla Fagerland Tverfjell er også nøgd med resultatet og rosar både elevane og lærarane sin innsats.

— Det er ikkje få timar dei tilsette har brukt på å førebu seg til dette arbeidet, seier ho.

Powered by Labrador CMS