nyhende
Jorda rundt på påsketur
Du MÅ ikkje dra på hytta i påska. Kanskje grønt øl, vasskrig, tobakkstre, pisking eller pungdyr freistar meir? Her har du eit utval påskeskikkar frå A til Å.
Abballu di li Diavuli
er ein tradisjon i Prizzi på Sicilia, der utvalde lokale ber masker og kler seg i raudt og gult for å representere djevelen og døden. Dei plagar så mange «sjeler» dei kan for å få dei til å betale med pengar, vin eller snop. Seinare dansar dei for å hindre torgmøtet rundt statuane av jomfru Maria og Kristus, men englane ved statuane sigrar til slutt over både døden og djevelen og sender dei vekk.
Bilby
er eit utryddingstruga australsk pungdyr, som liknar på ein bitteliten kenguru. Ettersom kanin er rekna som skadedyr i Australia, og landet i 1991 lanserte kampanjen Kaninfritt Australia, er påskeharen no i mange høve erstatta med ein påskebilby.
Colomba
er italiensk for due, og også namnet på ei italiensk påskekake. Ho er laga av gjærbakst og har form som ei due, med appelsinskal, mandlar og sukker på toppen. Ei av mange mytar seier at då Milano forsvara seg mot inntrengjarar påskedagen i 1176, endra slaget seg då duer flaug over byen. Milanos siger vart feira med kaker forma som frelsarduer.
Drakeflyging
har lang tradisjon på Bermuda, og kvar langfredag samlast drakeflygarar i Horseshoe Bay Beach for å delta i den årlege drakeflygingkonkurransen. På alle drakane er det festa eit spesielt type papir som lagar ein brummande lyd – kjent som den bermudianske lyden av påske.
Egg
er synonymt med påske i mange land. I det gamle Egypt, Mesopotamia og Kreta vart dekorerte egg knytt til død, oppståing og kongedøme, og ofte plassert i graver. Tidlege kristne i Mesopotamia farga egg raude til minne om Jesu blod på korset. Egga kom etter kvart til å symbolisere Jesu tomme grav. I dagens Hellas finn du framleis egg raudfarga med urta Rubia i påska.
Fyrverkeri
er påske i Firenze, der dei framleis feirar den 350 år gamle tradisjonen kalla Scoppio del Carro, eller «eksplosjon av vogna» påskesundag. Ei stor vogn fylt med fyrverkeri blir trekt av kvite oksar mot Basilica di Santa Maria del Fiore, og ved slutten av messa tenner erkebiskopen lunta på fyrverkeriet. Viss alt går så spektakulært som planlagt, blir det rekna som eit lykketeikn for det kommande året.
Gryter, potter og anna keramikk
går i tusen knas når folk kastar det ut frå vindauga og balkongane sine under Botides på påskeeftan på Korfu. Somme meiner knusinga ønskjer våren velkommen, og symboliserer at komande avlingar skal samlast i nye leirgryter.
Hekser
har ein lang tradisjon i svensk og finsk påskefeiring, ved at ungane kler seg ut som påskehekser og går dør til dør og får påskegodteri. Svenskane kallar det å gå påskkärring. Tradisjonen skal stamme frå eit segn om ei heks som flaug på sopelime til Blåkulla (Bloksberg) for å feste med djevelen.
Isle of Man,
Nord-Irland, Skottland og Nord-England har tradisjon for å rulle hardkokte egg ned skråningar og bratte bakkar i påska. Om egget ikkje blir skadd undervegs, kan ein vinne pengar eller hell. Eggrulling vart opphaveleg starta av den amerikanske presidentfrua Dolly Madison i 1877, som arrangerte tevlingar på Capitol Hill i Washington DC og seinare på eigedomen til Det kvite hus.
Jakt på kaninar
er påskesport nummer ein i Alexandra på New Zealand, for til liks med i Australia, gjer villkaninane stor skade også der. Målet med Central Otago Great Easter Bunny Hunt er å redusere kaninbestanden og auke det opphavlege, biologiske mangfaldet.
Krossfestinga av Jesus
er blodig alvor på langfredag i dagens katolske Filippinane. Spelet Senakulo blir til dømes avslutta med at minst tre friviljuge personar (magdarame) blir krossfesta. Andre ber på tunge trekrossar og piskar seg sjølv til blods. Den katolske kyrkja stør ikkje opp under praksisen, som trekkjer tusenvis av tilskodarar kvart år.
Lammet
representerer ofte Jesus i den kristne trua. I Polen og Russland har mange tradisjon for å lage baranek wielkanocny, smørskulpturar forma som lam, til påske. Ettersom det var vanleg å unngå meieriprodukt under fasta, brukte ein gjerne opp fløyten og mjølka til å lage smør.
Mämmi
er ein finsk påskedessert laga på vatn og rug. Den blir smaksett med sirup og appelsin og servert med fløyte eller mjølk og sukker på langfredag. Den lagast gjerne nokre dagar i førevegen, fordi ein tradisjonelt ikkje skulle lage mat på langfredag.
Noreg
har «ein av dei merkelegaste påskeskikkane i verda», ifølgje ein spansk nettstad. Me snakkar ikkje om Kvikk Lunch eller appelsin, men om «Paaskekrimmen», som skikken heiter. Den «har ingen religiøs eller heidensk tilknyting. Det begynte i 1923, etter at det vart sett inn ein annonse i pressa for ein roman. Annonsen var så ekte at mange lesarar trudde det var autentiske nyheiter».
Omelett
laga av meir enn 15.000 egg får du om du besøker torget i landsbyen Bessières i Frankrike påskedagen. Kjempeomeletten har røter i ei legende om Napoleon, som skal ha stoppa og ete omelett på reisa si gjennom Sør-Frankrike. Napoleon likte omelettane så godt at han beordra innbyggjarane i byen til å samle alle egg dei hadde og lage ein gigantisk omelett til hæren sin.
Papua Ny-Guinea
har ikkje akkurat klima for påskesjokolade, som ville ha smelta fort i varmen. I staden henger dei opp tobakk og sigarettar i nærleiken av kyrkjene, og gir dette som gåver til kyrkjelyden etter gudstenesta påskedagen.
Quiz
på engelsk tyda opphavleg ein eksentrisk person eller ting. På 1800-talet vart ordet knytt til testar eller spørsmål både i og utanfor klasserommet, og sidan har det som kjent teke av. I Noreg kom det mange spørjebøker på 60-talet. Kven som starta med påskekviss og påskenøtter, har me derimot ikkje greidd å finne ut av.
Rara
er ein musikkfestival som blir feira på Haiti heile påskeveka. Rara-sjangeren skal ha oppstått då afrikansk-haitiske sukkerrørsarbeidarar tok til å gjere opprør mot dei franske kolonimaktene. Musikken blir mellom anna spelt på bambustrompet, maracas og trommer.
Śmigus-dyngus,
eller våt måndag, som den heiter, er ein romersk-katolsk tradisjon. I Polen kastar folk vatn på kvarandre eller utstyrer seg med vasspistolar og vassballongar. Historia vil ha det til at jenter som blir våte på Śmigus-dyngus, kjem til å gifte seg i løpet av året. I Ungarn og Romania ber gjerne gutane om lov til å dusje jentene med parfyme eller parfymert vatn. Vatn var frå gammalt av trudd å ha ein reinsande, lekkjande og fruktbarheitsframkallande effekt.
Skjelettprosesjonen
startar alltid ved midnatt skjærtorsdag i mellomalderbyen Verges i Spania, og varar i tre timar. Under «Dansa de la mort» er dei dansande kledd som skjelett, og heile prosesjonen blir avslutta med skjelett som ber kasser med oske.
Teppelagde påskegater
har gjort Antigua i Guatemala verdsberømt. Dei fargerike og forseggjorde teppa er laga av blomstrar, farga sagflis, frukt, grønsaker og sand, og blir kalla Alfombras. Kvart teppe har ofte scener frå religion, maya-tradisjonar eller guatemalansk historie. Teppa kan vere mange hundre meter lange og må vere klare til langfredagsprosesjonen.
Umbrias påskekake
heiter Ciaramicola og er ei krydra sitronkake med marengs. Tradisjonelt gav kvinnene bort kaka til kjærasten eller forloveden påskemorgon. Kaka har raud og kvit glasur, som også er fargane til hovudstaden i Umbria, Perugia. Det farga sukkerstrøet skal vere gult, grønt og blått, og representere gule kveiteåkrar, grøne fjell og den blå innsjøen Trasimeno.
Viktigare enn julefeiringa
Vegetarkost pregar alle dei 55 dagane fram til påskeeftan blant dei kristne i Etiopia som feirar Fasika , det amhariske ordet for påske. Ettersom Jesu død og oppståing er viktigare enn fødselen hans i ortodoks og etiopisk evangelisk teologi, er også Fasika viktigare enn julefeiringa.
Wielkanocny
er det polske ordet for påske, og då et mange polakkar mellom anna ei kvit borstsuppe, anten kalla biały barszcz, eller żurek wielkanocny. Den er laga av potet, kvitlauk, rømme, pølse og egg.
Xenofobi
kjem av gresk og tyder angst eller fobi for alt som er framand eller utanlandsk. Bibelen er kritisert for å innehalde fleire rasistiske tekstar, men bodskapen om det motsette blir også framheva. I Apostelgjerningane, som skildrar krossfestinga og tydinga Jesu oppstanding hadde for menneske, blir påska etablert som ei av dei viktigaste høgtidene. I vers 10:34-35 heiter det «Så byrja Peter å seie: «Eg skjønar no kor sant det er at Gud ikkje viser favorisering, men tek imot frå kvar nasjon den som fryktar han og gjer det som er rett.»
Ysting
skjer gjerne på andre tider av året enn i påska, men så er det heller ikkje ein heilt vanleg ost dei lagar i Slovakia. Hrudka blir faktisk laga av egg! Etter at eggemassen er kokt, blir ho separert som vanleg ost og deretter baka i omnen. Konsistensen kan minne om mozzarella. Osten er alltid inkludert i korga med påskemat som skal velsignast på påskeeftan.
Zografitikos
er gresk kaffi kokt i ei stor gryte, og saman med det søte brødet tsoureki og raude egg viktige ingrediensar i påskefeiringa « Toumavrou yiou t» aloni» i Halkidiki. Det blir spelt og sunge påskesongar heile dagen, og skikken blir avslutta med «Kageleftos»-dansen på torget. Dei eldste startar dansen, som strekk seg ut i ein 400 meter lang sirkel, der dansarane passerer under ein boge av laurbærblad og sverda til to unge menn. Dansesirkelen representerer osmannerane si slakting av 400 lokale under revolusjonen i 1821.
Æva
Det er den påskebodskapen handlar om. At Jesus døydde for menneska si skuld og så stod opp frå dei daude, var det som gjorde at folk byrja å følgje han, og gav følgjarane hans håp om evig liv. Det er difor vi markerer dei dramatiske dagane og feirar påske år etter år.
Øl
er ikkje utbreidd påskedrikke, men står likevel i sentrum i Tsjekkia på «Grøn torsdag» (Zelený čtvrtek), dagen før langfredag. Fleire tsjekkiske bryggeri lagar grønt øl for høvet, men somme pubar tilsett like godt grøn konditorfarge i vanleg øl. Dei mindre drikkfeldige nøyer seg med berre å ete grønsaker på denne dagen.
Ål
er både jule- og påskemat i Zaragoza og andre innlandsområde i Spania. Byen Muxia er den einaste i landet som framleis tørkar havål frå Atlanterhavet, slik dei har gjort i hundrevis av år. Den mest tradisjonelle oppskrifta er «congrio seco a la bilbilitana», og består mellom anna av kikerter, tørka ål, kvitlauk, egg og pinjekjernar. Muxia blir også besøkt av pilegrimar som skal til heilagdomen Nosa Señora da Barca.