nyhende

John Bernhard Mølstre leiar i ungdomsrådet

Det nyvalde ungdomsrådet i Sveio konstituerte seg torsdag. John Bernhard Mølstre blei vald til leiar og Hans Ole Emberland til nestleiar.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er blir min tredje periode i ungdomsrådet. Tidlegare har eg opplevd lite engasjement frå ein del av medlemmene. Til dels har frammøtet vore så dårleg at me ikkje har vore vedtaksføre. No håpar eg å få opp engasjementet slik at me kan bruka den fantastiske sjansen til å vera med å påverka politikken i kommunen vår, seier den nyvalde leiaren til Vestavind.

Han vil også ta eit krafttak for å få ungdomsrådet til å uttala seg om aktuelle planar og liknande som blir lagde fram for dei. Det gjeld også saker som kjem opp i formannskap og kommunestyre.

Aktiv politikar

Ei sak den nyvalde leiaren brenn særleg for, er betre kollektivtilbod til alle delar av Sveio. Han er elles engasjert politisk også utanom ungdomsrådet. I fjor haust stilte han til kommunestyrevalet for Liberalistene.

Han er også med i Liberalistisk ungdom sitt sentralsyre og står til val i styret for Liberalistene Vestland og nestleiar i Liberalistisk ungdom Vestland. Han har eitt år bak seg i elevrådet på Sveio skule og er no vararepresentant i elevrådet ved Karmsund videregående skole i Haugesund.

Det nyvalde rådet

Ungdomsrådet blei vald av kommunestyret måndag i denne veka. I tillegg til leiar og nestleiar består rådet av Jenny Haldin, Signe Lier Høiness, Vilja Andreassen Håheim, Rebekka Jespersen, Sebastian Johannessen, Anja Lervik, Daniel Nordtveit, Benjamin Rossehaug og Sarah Matea Vihovde Vestvik. Vararepresentantar er Eira J. Løvland, Andreas Haldin Vallestad, Linnea Bergesen, Lilja Katrine Ausland, Jone Birkeland, Caroline Leirvåg, Jacub Prozdrekiewiz og Katharina Karlberg.

På det konstituerande møtet var det berre sju av dei faste representantane og ein vararepresentant som møte og var med i saksbehandlinga. Ei av årsakene til dette var kabareten ved Sveio skule.

Fordelte fleire verv

Mølstre blei valt til leiar med seks stemmer. Jenny Haldin fekk ei stemme og Sarah Matea Vihovde Vestvik fekk ei stemme. Haldin og Vihovde Vestvik var også kandidatar ved nestleiarvalet, men her var det altså Emberland som trekte det lengste strået.

John Bernhard Mølstre og Hans Ole Emberland blir også fast møtande representantar i formannskapet og kommunestyret. Vararepresentantar for dei begge stader blei Rebekka Jespersen og Sarah Matea Vihovde Vestvik.

Ungdomsårdet valde også ein representant til kvart av hovudutvala. Signe Lier Høiness blei vald til representant i oppvekst og kultur, Jenny Haldin i helse og omsorg og Sebastian Johannessen i teknisk og næring.

Fleire store saker

Ungdom starta også så vidt på med saksbehandling, idet dei starta debatten om innspel om planane for nyskapande aktivitetsanlegg. Dei slutta seg dessutan til eit forslag om å oppretta eit Ungdommens politiråd i Sveio etter mønster frå Bjørnafjorden.

SLT-koordinator Frans Gisle Hansen orienterte elles om at ungdomsråda i Sveio, Tysvær, Bokn, Karmøy og Haugesund vil få felles opplæring i Boknatun 11. april. Andre store orienteringar som ligg føre er ein om firefelts E39 gjennom Sveio og ein om Fjord Motorpark sine planar i Sveio.

Powered by Labrador CMS