nyhende
John Andreas skal leia Vestavind
Hels på vår nye kollega, John Andreas Toft (53), som skal vikariera som markandsansvarleg og dagleg leiar i Vestavind, medan Susanne Lie Vallestad har barselpermisjon.
Vår nye medarbeidar har så vidt byrja å setja seg inn i dei forskjellige oppgåvene, som også innber ansvar for abonnement.
– Avis er ein ny bransje for meg, men når det er sagt, eg vaks opp med alle fagutrykka innan trykkeri, då far min var faktor i pressa til Haugesunds Avis i mange år, fortel Toft. Han tykkjer avisarbeid verkar spennande.
Allsidig
Når det kjem til tidlegare arbeidserfaring er han ein allsidig kar, som kan brukast til litt av kvart.
– Eg har drive med litt forskjellig, mellom anna 13 år i bilbransjen, deretter 11 år kor eg drifta avdelinga for Securitas Direct Verisure i Haugesund, før eg dei siste fire åra gjekk over til å administrera selskapsavdelinga på Staalehuset i Haugesund, fortel Toft.
Dei viktige annonsørane
Etter eit par veker i Vestavind byrjar han å få oversikt over sine nye arbeidsoppgåver.
– For å drifta ei avis er me svært avhengige av annonsørene våre. Eg gler meg til å bli kjend med aktørane i næringslivet i Sveio, og håpar på eit godt og fruktbart samarbeid for begge partar. Vestavind har mange trufaste annonsørar og skal fortsetja å vera førstevalet når bedriftene i Sveio profilerer seg, fastslår den engasjerte nykomaren.
Han har inntrykk av at sveibuen er flinke til å nytta lokale leverandørar. På den måten er dei med og styrkjer lokalsamfunnet og gjer det mogleg å veksa med tanke på arbeidsplassar og innbyggjartal.
– Det å vera bevisst på å handla lokalt er utruleg viktig for alle partar, fastslår han.
Satsar på mange flater
Alt tydar på at lokalavisene er i ei særstilling og står sterkt i samfunna dei dekkjer. Det må likevel jobbast hardt for å halda på lesarane.
– Med utelukkande sjølvprodusert lokalt stoff må eg seia at redaksjonen i Vestavind gjer ein imponerande jobb. Og det er nok difor opplagstala er såpass stabile som dei er. Me skal likevel ikkje kvila på laurbæra av den grunn, men jobba vidare for å auka opplagstala yttarlegare. Med både papir- og digital utgåve, og i tillegg nettavis, ligg alt til rette for dette. Vestavind er tilgjengeleg som aldri før, fastslår John Andreas Toft som er busett i Haugesund.