nyhende

Mange barn og ungdom synest det er ubehageleg med tannlegebesøk og nokre har skikkeleg angst for å setje seg i tannlegestolen. Foto: Berit Keilen / NTB / NPK
Mange barn og ungdom synest det er ubehageleg med tannlegebesøk og nokre har skikkeleg angst for å setje seg i tannlegestolen.

Jo fleire vonde opplevingar i barndommen, desto større risiko for tannlegeskrekk

Angst for tannbehandling førekjem oftare hos ungdom som har opplevd mobbing, vald eller overgrep.

Publisert Sist oppdatert

 – Tannbehandlingssituasjonen er veldig intim. Du ligg på ryggen, nokon er tett innpå deg og skal inn i munnen din. Du ser ikkje kva som går føre seg og veit ikkje kva som skal skje. Det er lett å forstå at mange opplever dette ubehageleg, seier psykologspesialist og doktorgradsstipendiat ved NTNU Lena Myran til NTB.

Mellom 8 og 20 prosent av barn og unge er så redde for tannbehandling at dei fyller kriteria for ein diagnose.

Myrans doktorgradsavhandling undersøkjer samanhengar mellom vonde barndomsopplevingar, oral helse og angst for tannbehandling. Den er omtalt i Gemini.

Hennar nyaste studium byggjer på data frå Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag (HUNT), med svar frå over 5800 ungdommar i alderen 13 -17 år.

Myran fann at tannbehandlingsangst førekjem vesentleg oftare hos dei som har belastande barndomsopplevingar, som vald, skilsmisse, overgrep eller mobbing. Samanhengen viste seg å vere sterkare hos jenter enn hos gutar, noko ho beskriv som uventa.

Vonde erfaringar set spor

Tannbehandlingsangst kan kjenneteiknast av katastrofetankar, hjartebank, sveitting, svimmelheit, uverkelegheitskjensle eller kvalme. Nokon unngår tannlegen og går berre ved akutte smerter, medan andre kjenner ein sterk trong til å flykte i det behandlinga startar.

Tidlegare, smertefulle opplevingar på tannklinikken er ein stor risikofaktor. Samtidig er også andre vonde erfaringar assosierte med frykt for tannbehandling.

– Om ein har opplevd overgrep, vald eller mobbing, kan det å seie frå ha vore knytt til ein reell fare for å bli audmjuka, seier Myran.

– Mange utviklar derfor ei relasjonell sårbarheit og vanskar med å seie frå om eigne behov eller stole på intensjonane til andre. I møte med ein autoritetsperson når ein ligg i tannlegestolen kan dette trigge kjensler av hjelpeløyse eller manglande kontroll, seier Myran.

Tannbehandlingsangst førekjem vesentleg oftare hos dei som har belastande barndomsopplevingar, som vald, skilsmisse, overgrep eller mobbing. Samanhengen er sterkare hos jenter enn hos gutar, noko forskarane beskriv som uventa.

Når vaksne unngår tannlegen

Myran jobbar til dagleg hos Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt). Her samarbeider tannhelsepersonell og psykologar for å hjelpe barn og vaksne som har sterk tannbehandlingsangst.

Myran jobbar med dei vaksne pasientane, og nokre har ikkje vore til tannlegen på 40 år.

– Tannlegeskrekk femnar alt frå dei som er litt eller moderat redde for tannbehandling, som er ein stor del av befolkninga, til dei som har så sterk frykt at dei oppfyller kriteria for diagnosen odontofobi, forklarer ho.

Medan 5–15 prosent av befolkninga har ein mildare tannlegeskrekk, er det om lag 2–5 prosent av befolkninga som får diagnose.

Ein ny studie fann eit tydeleg samband mellom tannbehandlingsangst hos tenåringar og ulike typar vonde barndomsopplevingar, inkludert mobbing.

Viktig å setje ord på frykta

Myran meiner funna bør få konsekvensar for korleis tannhelsetenesta møter ungdom.

– Når tannhelsepersonell merkar at pasienten er redd, kan dei spørje kvifor. Pasientar opplever det som trygt at tannlegen spør. Pasientane veit at tannlegen ikkje er psykolog, så det treng ikkje vere ein lang samtale. Ved å anerkjenne erfaringar og frykt, kan tannhelsepersonell bidra til tryggare pasientopplevingar, seier Myran.

På sikt kan det betre tannhelsa i befolkninga.

Ho rår også både pasientar og føresette til å vere opne med tannlegen om kva som gjer behandlinga vanskeleg.

– Sjølv om tannlegen og tannpleiaren vil hjelpe, er dei ikkje tankelesarar. Utan dialogen kan det bli mange elefantar i rommet. Mykje er gjort berre ved å snakke om det, seier psykologen.

Vaksne pasientar i heile Noreg kan elles søkje hjelp hos eitt av Tannhelsetjenestens Kompetansesentre , medan barn som treng psykologisk hjelp, kan få hjelp hos Trygge barn i tannbehandling.

Powered by Labrador CMS