nyhende
Jentene Noreg ikkje ville ha
Etter andre verdskrigen vart fleire tusen unge norske kvinner fråtatt statsborgarskapet sitt og utviste til Tyskland fordi dei hadde gifta seg med ein tysk soldat. Lagnaden deira har det vore lite merksemd rundt.
Mange jenter frå bygd og by her i landet gifta seg med tyske soldatar på 1940-talet. Dei mista dermed passet sitt og måtte flytte til eit utbomba Tyskland. Få i dag veit korleis dei hadde det der. Vi har snakka med ein historikar. Alternative titlar: Gift med fienden / Kvinnene det ikkje var plass til i Noreg etter krigenNPK – Kari Hamre
– Dette er ei dramatisk og frykteleg historie som har gjort sterkt inntrykk på meg. Det er snakk om veldig mange unge norske jenter, ein del av dei med små barn, som vart utviste til eit krigsherja land utan å ha høve til å komme heim att, seier historikar og forfattar Ingerid Hagen til Nynorsk pressekontor.
Ho har fordjupa seg i lagnaden til dei tyskgifte kvinnene, og denne skamfulle delen av norsk etterkrigshistorie. I boka «Gift med fienden» har Hagen skrive eit nytt og litt ukjent kapittel om jentene som Noreg ikkje ville ha noko med å gjere etter freden i 1945.
Viktig kvinnehistorie
Mange av desse kvinnene måtte leve i stor fattigdom i eit Tyskland i ruinar saman med dei tyske ektemennene sine og små barn. Ein del vart forlatne av mannen sin og måtte greie seg sjølv i eit utbomba land. Ganske mange ville reise attande til Noreg, men det lét seg ikkje gjere utan norsk pass. «Tyskarjentene», som dei vart kalla, hadde ikkje brote noko lov, men dei tyskgifte var likevel dei einaste nordmennene som etter krigsoppgjeret mista statsborgarskapet sitt. På dette feltet skil Noreg seg ut som det strengaste landet i Europa. Heilt fram til 2000-talet var det sanksjonar mot dei desse kvinnene – men då var mange av dei allereie døde.
– Kvifor vil du fortelje denne historia?
– Det er viktig etterkrigshistorie og ikkje minst viktig kvinnehistorie. Mykje er skrive om tyskarjentene generelt, men lite om dei som gifta seg. Eg ville vite meir om dei norske kvinnene som hamna i Tyskland, særleg bak «jernteppet» i DDR. Der var dei innesperra i 28 år og fekk knapt nok lov til å vitje Noreg. Det er ganske frykteleg, seier Hagen tankefullt.
Ungdommar som forelska seg
Tyske soldatar var ein del av kvardagslivet i Noreg under krigen. Dei var spreidde over heile landet og levde tett på lokalbefolkninga. Mange var stasjonerte her i fleire år, og folk vart kjende med dei som enkeltmenneske. Dei handla med bønder, fiskarar og andre som måtte selje varene sine til Wehrmacht.
Tyskarane hadde også behov for arbeidskraft frå lokalbefolkninga på byggjeplassar og i kaserner. Sjølv om det tyske valdspotensialet alltid var til stades under okkupasjonen, var Noreg fredeleg samanlikna med andre stader.
Under slike forhold var det naturleg at det oppstod band mellom soldatar og norske kvinner, meiner Hagen.
– Dei fleste av soldatane var vanlege, unge bonde- og arbeidargutar, utkommanderte til eit framandt land. Så det er klart dei fekk kontakt med norske jenter. Dei første krigsåra var det mange kvinner og unge jenter som fann dei framande krigarane spennande. Dei vart forelska og kjærleiksforhold utvikla seg.
Gjennom krigsåra hadde opp mot 50.000 norske kvinner eit forhold til tyske soldatar. Kor mange av dei som gifta seg med soldatane til fienden er uvisst, men det kan ha vore opp mot 3000. Arkivmaterialet Ingerid Hagen har undersøkt tyder på at det kanskje var fleire.
– Fleirtalet av jentene var ikkje politisk medvitne. Det var kjenslene som styrte handlingane deira. Og hugs at dette var unge jenter, mange under 20 år – som aldri hadde vore i utlandet – og desse sende altså Noreg til Tyskland som ei slags straff.
Ekteskap som ein utveg
Jentene opplevde fordømming i nærmiljøet sitt fordi dei hadde tysk kjærast. Ekteskap vart derfor gjerne sett på som ei moglegheit til å sleppe unna problema – både blant jentene, og sidan også for Noreg som stat.
– Mange av jentene ville gifte seg, men før 1945 var dette svært vanskeleg. Det største problemet var å få løyve frå tyske styresmakter. Hitler sjølv skulle godkjenne søknadane og alt var ei byråkratisk mølle. Det var derfor berre eit mindretal som gifta seg under krigen. Etter krigen var det derimot mange tusen norsk-tyske par som ville inngå ekteskap – og norske styresmakter var pådrivarar for at det skulle skje, fortel Hagen.
Då freden kom var ikkje tyskarjentene dei mest populære i samfunnet vårt og dønningane etter krigen trefte jentene hardt. Stemninga i opinionen var ikkje til å misforstå:
Noreg ville bli kvitt tyskarjentene. Mange kvinner var glade i dei tyske kjærastane sine, og for mange var det også ein utveg å bli gift og flytte til Tyskland. Dei såg inga framtid i heimlandet der mange no vart trakasserte og internerte. Andre opplevde å bli utstøytte av familie og vener og oppsagde i jobben sin.
Sommaren 1945 var løysinga for mange derfor å følgje den tyske ektefellen eller kjærasten sin til Tyskland. Norske styresmakter føretrekte også dette. Styresmaktene vurderte også som ei mogleg løysing på «tyskarjenteproblemet» – at kvinnene rett og slett forsvann frå Noreg. Problemet var at det ikkje fanst lovheimel for å utvise dei eller barna deira.
Fråtekne passet
– Statsborgarlova ved krigsslutt sa at viss ei kvinne gifta seg med ein utlending fekk ho hans statsborgarskap, viss ho utvandra. Så lenge ho budde i Noreg hadde ho norske borgarrettar. I august 1945 vart lova endra med tilbakeverkande kraft slik at kvinner som hadde gifta seg med tyske soldatar automatisk mista statsborgarskapet sjølv om dei var i Noreg. Dette trur eg dei færraste av desse tyskarjentene visste om – eller konsekvensen av – då dei gifta seg. Noreg ville ikkje ha tyske soldatar buande i landet etter krigen – og dei ville bli kvitt tyskarjentene. Derfor endra dei lova; jenter som gifta seg med borgarar av ein fiendestat vart sjølve også fiende og kunne utvisast, seier Hagen
– Det er ei ganske dramatisk straff å miste statsborgarskapet. Det blei ei kollektiv avstraffing av alle tyskgifte kvinner – utan rettargang. Det som er spesielt med krigsoppgjeret – som er stort i Noreg – er at det berre er desse tyskgifte kvinnene som mista statsborgarskapet sitt og vart utviste. Døra til Noreg vart stengd for dei i mange år. Dei levde i nød og elende i eit land som mangla alt. Sjølv om mange kanskje flytta frivillig må det ha vore eit stort sjokk for dei å starte eit nytt liv der – fleire med småbarn. Og dette tillét Noreg. Mange søkte om å få reise heim, men fekk avslag – gong på gong.
Statleg orsaking etter 73 år
I ettertid er det forståeleg at kvinner som innleidde eit forhold til tyske soldatar, vekte stor forarging i samtida.
– Men den norske befolkninga byrja etter kvart å leggje krigen bak seg. Sanksjonane mot dei tyskgifte norske kvinnene varte derimot fram til 2000-talet. Kvar gong endringar vart gjort i statsborgarlova, vart det innført unntak for akkurat denne gruppa. Sjølv kvinner som hadde hamna i ein av Europas mest totalitære statar – DDR – og som ønskte å flytte heim, fekk inga hjelp. Det er trist å tenkje på, seier Ingerid Hagen.
Først 73 år etter frigjeringa kom ei offisiell orsaking til tyskarjentene. Dåverande statsminister Erna Solberg bad i 2018 om unnskyldning. Fleirtalet av dei tyskgifte kvinnene fekk aldri oppleve dette. Heile livet drøymde dei om å få det norske passet sitt tilbake. Dette vart nekta dei fordi dei som svært unge forelska seg i ein tysk soldat og gifta seg med han.