nyhende

Jens Aksdal fekk KS-medaljen

Heilt overraskande på hovudpersonen sjølv, blei Jens Aksdal tildelt KS-medaljen under ordføraren sin julelunsj fredag. I 47 år har han vore lege med kontor i Førde.

Publisert Sist oppdatert

– Eg fekk beskjed om å ta med kona og at kommunen ville gje meg noko. Eg rekna med det var ein blomst sidan eg snart sluttar, og blei veldig overraska, seier fastlege Jens Aksdal.

KS-medaljen er ei sivilutmerking som blir tildelt kommunalt folkevalde og kommuneansatte som har utført fortenestefull og samfunnsgavnleg innsats av særleg betydning for kommune eller fylkeskommune.

Medaljen er blitt utdelt sidan 1957. Folkevalde må ha hatt tillitsverv i minst 24 år og tilsette i minst 25 år for å vera aktuelle for medaljen.

Blir pensjonist

Som ordførar André Mundal Haukås (H) sa i sin tale er det ikkje mange som langt utover dette fyller krava slik Aksdal gjer. I 47 år har han gjort teneste som lege i Sveio, med kontor i Førde. Han har sitte i kommunestyret, og han har vore viktig for det som i dag er Friluftsrådet Vest (sjå grunngjeving lenger nede i saka.

31. januar 2025 blir Aksdal pensjonist, men er ikkje framand for å hoppa inn som vikar om det er behov for det, sjølv om han fyller 75 år i løpet av 2025.

Med seg til julelunsjen hadde han kona Astrid Skeie Aksdal. Ho er også kjent for mange sveibuar og var lege i Førde i 23 år.

Sjølv om medaljen kom overraskande, heldt Aksdal ein tale på sparket som fekk dei andre gjestene til å le godt fleire gongen. Talen kan du sjå her:

Grunngjevinga

Under er grunngjevinga for medaljen som ordføraren også tok med i sin tale:

Jens Aksdal starta sitt arbeid som lege i Sveio kommune oktober 1977. Sidan den tid har han med berre eitt års opphald trufast arbeidd for det beste både for sine pasientar, men også for kommunen som heilskap. Aksdal har i tillegg til sin innsats som lege, vore aktiv både som lokalpolitikar, og arbeidd med interkommunale samarbeid til gode for innbyggjarane i vårt distrikt.

Som lege har Aksdal sitt virke vore tillitsbyggande, og fagleg sterkt. Han har i si lange og samanhengande praksis ved Førde legekontor i Sveio opparbeidd seg stor tillit og respekt både frå pasientar og kollegaer.

Yrkesinnsats

Aksdal har vore lege ved Førde legekontor i Sveio kommune sidan 1977, og driv framleis deltidspraksis som fastlege ved legekontoret.

Frå oktober 1977 til 1984 praktiserte Aksdal som distriktslege, som før 1981 var tilsette i staten.

I 1984 vart distriktslegeordninga avvikla i Noreg, og då vart Jens Aksdal tilsett som kommunelege 1, kombinert med at han dreiv som privatpraktiserande lege med driftstilskot. Han var i stillinga fram til 30.09.1986.

Aksdal heldt fram som privatpraktiserande lege, og har vore fastlege sidan fastlegeordninga vart innført. Over ein 10-årsperiode var Aksda avløysar og vikar som kommuneoverlege i Sveio i perioden 2009-2019.

Aksdal hadde eitt års avbrot i arbeidsforholdet i Sveio medan han gjennomførde si spesialutdanning ved Haugesund revmatismesjukehus.

Verv

Jens Aksdal har lagt ned ein betydeleg innsats i styrearbeid i Nord-Rogaland og Sunnhordland friluftsråd (i dag Friluftsrådet Vest), der han var både nestleiar og leiar i perioden 1983-1990.

I perioden 1995-1999 var Aksdal medlem av kommunestyret i Sveio kommune.

Aksdal har oppgjennom åra hatt fleire verv, både kommunale og interkommunale. Aksdal vart frå denne perioden hugsa som ein engasjert og kunnskapsrik mann som synte eit stort samfunnsengasjement, trass ein travel arbeidskvardag som privatpraktiserande lege.

Jens Aksdal er no 74 år, og framleis i arbeid som lege ved Førde legekontor. Som ein les i grunngjevinga ovanfor har han lagt ned eit imponerande arbeid til både stor glede, nytte og ikkje minst hjelp for innbyggjarane i Sveio kommune. Aksdal har i tillegg til sitt virke som lege, gjort eit imponerande arbeid for å sikra eit godt tilbod innanfor natur og friluftsliv både på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Powered by Labrador CMS