nyhende
– Jegerar bør ta avfallet med seg heim
Søndag då Egil Lokna kom gåande opp frå Storavatnet mot gamle Tjernagelsvegen, gjorde han eit funn han likte dårleg. Midt i synet på han låg diverse slakteavfall; blant anna frå hjort og rådyr.
– Jegerar bør ta avfallet med seg heim, dei bør ikkje leggja det på andre, seier Lokna som måndag varsla viltansvarleg i kommunen.
På Lokna har han eit privat område han høgg ved på. For å koma fram med traktoren har han laga avkøyrsle ned på gamlevegen. Plassen ligg i skjul, men ikkje lenger i luftlinje enn seks-åtte meter frå Tjernagelsvegen.
– Tidlegare i haust fann eg ei beingrind og skinnet av eit dyr, og ein annan dag observerte eg ein større pick-up som var parkert nede på området mitt, fortel sveibuen.
Bilhjul og vedomn
Ifølgje Lokna er det ikkje uvanleg at uvedkomande kastar frå seg ting på eigedomen hans. Etter at han laga privat avkøyrsle, gjekk det ikkje lenge før det plutseleg låg seks-åtte bilhjul innpå stykket hans.
– Eg lødde bilhjula fint opp ved vegen, det gjekk ei veke, då var halvparten vekke, så det vart ikkje mange eg fjerna sjølv.
Ein annan gong hadde nokon kasta ein stor vedomn, såkalla «Hanna Kvanmo», i ein bekk. Igjen visst sveibuen råd: – Eg tok traktoren og sette omnen frå meg kloss i vegen. Då me kom frå ferie, var han vekke.