nyhende

Det var mykje musikk i Valestrand kulturkyrkje sundsg: Frå venstre: Lars Liknes på piano, Anders Lunde på bass, og songarane Ruben Reisersen, Kristian Valle Høie, Veroniva Stokland og Anastasiia Nuzhnaya.FOTO: PRIVAT
Det var mykje musikk i Valestrand kulturkyrkje sundsg: Frå venstre: Lars Liknes på piano, Anders Lunde på bass, og songarane Ruben Reisersen, Kristian Valle Høie, Veroniva Stokland og Anastasiia Nuzhnaya.

Jazz på dommens dag

Det vart god tid til både musikk og ettertanke om urett i verda, då det for første gong vart invitert til jazzmesse i Valestrand kulturkyrkje sundag.

Publisert Sist oppdatert

Det var første gongen at det vart invitert til jazzmesse i Valestrand kulturkyrkje. Og kyrkjelyden let seg ikkje be to gonger, ifølgje sokneprest Arild Steinsland.

— Vanlegvis kjem det kring 12 personar når me har gudsteneste i Valestrand. No var det 107 personar i kyrkja. Og dei kom frå heile Sveio, fortel han.

107 personar fann vegen til jazzmessa i Valestrand kulturkyrkje.

At det vart ein lang gudsteneste, er ifølgje soknepresten ny personleg rekord – og at det klokka inn til 1 time og 24 minuttar, var ikkje noko dei frammøtte var lei seg for.

— Eg har ikkje halde ei så lang gudsteneste i heile mitt liv. Det var mykje song og musikk. I tillegg til preika og nattverd, fortel han.

Til doms for urett

Ifølgje den kristne liturgien var det domssundag sist sundag, og soknepresten nytta høvet til å snakke om urett i verd, og han brukte krigen i Ukraina som døme på urett menneskje oppleve i tida me er i.

I låtvalet til musikarane var det mange såkalla «negroes» – musikk skriven av folk som både vart fødde og døydde som slavar i Amerika, noko som ifølgje Steinsland gav ein ekstra klangbotn i opplevinga til dei frammøtte.

At Anastasiia Nuzhnaya, ein av dei første ukrainske flyktningane som kom til Sveio i vår, bidrog med jazzsong under gudstenesta gjorde truleg opplevinga for dei frammøtte ekstra kjensleladd. Det vart også heldt innsamling for ofre for krigen i Ukraina.

Fotball-VM

Også det pågåande fotball-VM i Qatar, og korrupsjon, var tema i preika. Ifølgje bibelen skal Jesus Kristus kome tilbake og halde dom over levande og døde, og soknepresten er klar i trua på at dei som gjer seg ansvarleg for urett overfor dei svakaste får noko å svare for.

Sokneprest Arild Steinsland.ARKIVFOTO

Steinsland ser ikkje vekk frå at det kan bli fleire gudstenester med musikk.

— Eg sa det i kyrkja sundag, at her har me kanskje skapt eit behov me ikkje visste at me hadde, seier soknepresten.

Powered by Labrador CMS