nyhende

Slik ser det ut på Jan Eirik Tveit i Eidesvik Offshore sitt heimekontor på Rophus. Han og nokre arbeidskameratar frå kontoret har ein fast pause i lag på Teams, der dei pratar om laust og fast. Denne stunda set han pris på, for som mange andre blir det få møte med andre.
Slik ser det ut på Jan Eirik Tveit i Eidesvik Offshore sitt heimekontor på Rophus. Han og nokre arbeidskameratar frå kontoret har ein fast pause i lag på Teams, der dei pratar om laust og fast. Denne stunda set han pris på, for som mange andre blir det få møte med andre.

Jan Eirik blei «sendt heim» frå jobben før landet stengte ned

Mange på heimekontor set pris på å sleppa turen til jobb, men Jan Eirik Tveit har halde sykkelhjula i gong, sjølv om han knapt har vore på Bømlo sidan mars. Det er ei tøff tid i marknaden, og det er ikkje hemmeleg at det vore ei spesiell og tøff tid heime også. – Det skal ikkje så mykje til for at 2021 blir betre enn 2020, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Overgangen til heimekontor var ikkje nokon stor overgang for Tveit, det hadde han rigga til frå før. Han er kjent for sin ivrige bruk av sykkel til og frå hovudkontoret i Langevåg. Dette har pågått heilt sidan han starta i Eidesvik Offshore i 2012, det blir rundt halvannan time på sykkelsetet kvar dag, året rundt. Sju år før det pendla han til Haugesund, men nok om det.

12 båtar i drift

Stillinga i den relativt vesle organisasjonen på Bømlo, er teknisk inspektør, der han har oppfølging av båtane som er rundt om kring i verda. Tveit fungerer som teknisk support for mannskap, med ansvar for vedlikehald. Folk ute på båtane tar kontakt for å få ordna med ting som skal gjerast.

Motivet er frå Orskov Yard i Danmark. Til venstre ligg Viking Neptun, som er det største konstruksjonsskipet til Eidesvik Offshore ASA.

– Det er ei tøff tid i bransjen. 12 båtar er i drift, og nokre av båtane våre er i opplag på grunn av dårleg marknad, det gjeld seismikk-båtane. No er det ein båt i Rio som slit med at det er for varmt, der er det 25-26 grader, fortel Tveit, som denne dagen også har fått rapportert NOx-avgift på båtane.

Morgonturar

Sjølv om arbeidsdagen blei lagt om frå mars, har Tveit klart å oppretthalda ein normal arbeidsdag. Til og med avtalen med sykkelen står ved lag.

– Min rutine er som før. Eg står opp kvart på seks, et havregraut, set meg på sykkelen, seier Tveit, som dagen Vestavind snakka med han, hadde vore ein runde rundt Vågedalen, Tveit, Markavegen og tilbake til Rophus.

– Eg pleier å vera heime kvart på åtte, og rekk ein dusj før eg svingar i gong PCen klokka 8.

Ba han dra heim

Innleiingsvis nemnte me at fjoråret var både spesielt og tøft på heimebane for Jan Eirik, og at han blei oppfordra til å starta heimekontor, før det blei ei greie for heile landet.

For 45-åringen sin del starta det rundt 8. mars hos rederihelsetenesta til Eidesvik. Sjukepleiaren som jobbar der tok kontakt, og ba han jobba halda fram med jobben frå heimekontor. Ho visste nemleg korleis han hadde det på privaten, og at sambuar Marianne Haukås (41) var under utgreiing for tre kreftdiagnosar, og skulle inn for behandling. Ute i verda – og stadig nærmare Noreg, trua den nye sjukdomen, som ingen kunne ana ville påføra landet så store konsekvensar.

– Ho sa noko slikt som «no trur eg du skal stikka heim, du må ikkje bli smitta, då ryk heile opplegget som er lagt på Haukeland». Så gjekk det ei vekes tid, og Erna stod på talarstolen i nyheitene og stengde ned heile landet. Det var spesielt. Heimekontor var ikkje det eg tenkte mest på, men det var å ikkje få smitte, og gjera det beste for å få Marianne gjennom behandlingane, seier Tveit.

Innhaldsrike dagar

Det blei vår, og innafor shippingbransjen kom utfordringar pandemien drog med seg.

– Det blei ein dramatisk situasjon på mange måtar. Oljeselskap begynte å ana krisa, båtar blei tatt ut av drift og det blei allmøte på Teams. Eg haldt meg til jobben så sant det var mogleg, og styrte med dei to gutane, som no er 13 og snart 18 år, seier Tveit, som er glad for at dei i Eidesvik alt hadde tatt i bruk teknologien med deling skjerm og dokument, og måten å halda kontakten på.

Her gjer Jan Eirik Tveit sine oppgåver som Maintenance Supervisor i Eidesvik Offshore ASA.

Det har vore mykje jobbing, frå tidleg morgon til langt på kveld. At Jan Eirik har stor arbeidskapasitet, blir stadfesta frå sidelinja av sambuaren.

– Men det er ikkje noko nytt for meg, eg har konsentrert meg for å halda hjula i gong på jobb og heime, seier Tveit, som opphavleg er frå Tysnes.

Kontakt på Teams

Den første behandlinga til Marianne var rett før påske. Ho blei førespegla éi veke i sjukesenga i Bergen, men enda med fem grunna komplikasjonar.

Heime på Rophus gjekk livet sin gang, med jobb, heimeskule for ein elev i ungdomsskulen og ein på vidaregåande – og uvissheita med familiemedlemmet som var på Haukeland.

– Det var ein travel periode, men det gjekk jo. Det var vanskeleg – me fekk jo eigentleg ikkje komma på besøk til Marianne. Det var tidleg i covid-fasen, og det var med naud og neppe eg fekk vera med for å levera ho, seier Tveit.

Det blei til at gutane i familien hadde kontakt med Marianne på Teams om kveldane, ja, katten var også med. Så fekk det bli så normalt som det kunne bli.

Den nye normalen

Like før fellesferien i juli var tredje og siste behandling overstått. Til alt hell ser det ut til at behandlingane har vore vellukka, sjølv om sambuarparet ikkje kan seinka skuldrene heilt enda, for det gjenstår fleire kontrollar.
Det er ein genetisk feil som gjer at sjukdomane har kome, derfor er dei heller ikkje av verste sort. Men likevel – kreften har sett sine spor.

Marianne er tilbake på jobb i Espira Solkroken barnehage på Ekrene tre dagar i veka. Å ha noko å halda på med er viktig for begge to, og ho kjenner seg trygg på jobb, med tiltaka på gult nivå.

Både korona, sjukdom og heimekontor og lite kontakt med andre pregar enda kvardagen til familien Haukås Tveit, det vil det nok gjera ei tid framover. Alt i alt er Jan Eirik takksam for korleis arbeidsplassen har lagt til rette i perioden det stod på som verst.

Marianne Haukås har medverka i intervjuet og samtykka til at historia blir fortalt frå sambuaren si side.

Powered by Labrador CMS