Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Jamnt sig av veljarar
Valfunksjonærane både i Førde og Sveio sentrum melder om eit jamnt sig av veljarar frå lokala opna kl. 10.00. Midt på dagen, då Vestavind besøkte dei to stemmestadane, var det litt rolegare enn det hadde vore, fortel dei.
To av dei veljarane me møtte i vallokalet i Førde samfunnshus, var ekteparet Inger Johanne og Rasmus Smørdal frå Valevåg. Dei fortel at dei brukar å stemma ved alle val, og heller ikkje denne gongen har dei vore i tvil om kven dei skulle stemma på. Kva lister dei putta i urna, vil dei derimot ikkje ut med.
– Nei, valet er hemmeleg, seier Rasmus bestemt.
God eldreomsorg er den enkeltsaka som ekteparet er mest opptekne av. Korleis valresultatet blir, vågar dei ikkje å tippa.
– Men eg synest Linn Therese Erve har gjort ein god jobb. Det gjer ingenting om ho får fornya tillit, seier Inger Johanne.
Idrettshallen viktig
Aasmund Bakke Handeland kom til stemmelokalet i soknehuset iført jakke med logoen til Sveio Idrettslag.
– For meg er satsing på idretten og bygging av ny idrettshall viktig ved dette valet. Det har avgjort kven eg har stemt på denne gongen, seier Handeland til Vestavind etter å ha putta stemmesetlane sine i urna.
Sjølv om han alltid brukar å stemma, legg han til at han ikkje alltid er lojal mot same parti. Sakene avgjer, seier han.
Ønskjer skifte
Enkeltsaker var også avgjerande for Mirian Andersen Svardal. Ho arbeidar i barnehage og seier at ho brenn for gode og trygge ordningar for barna.
– Eg ønskjer eit skifte i sveiopolitikken, og håpar jo at det går den vegen. Men ein veit aldri, seier 28-åringen til Vestavind.
Glad for demokratiet
– Me har grunn til å gle oss over at me bur i eit land med eit stabilt og fungerande demokrati seier Rakel Øyerhamn, og viser til kommentaren frå ein utanlandsk valobservatør som ho nett hadde sett på TV. Han var imponert over kor roleg valet gjekk føre seg her i Norge. I motsetnad til hans heimland, der bråk på valdagen er det normale.
Øyerhamn har alltid brukt stemmeretten sin for å uttrykkja meininga si. Denne gongen stiller ho seg uforståande til at det er behov for ny barnehage i Sveio sentrum.
– Og kva skal me med badeanlegget? undrast ho.
Glad for godt frammøte
Helga Reinertsen er ei av funksjonærane i vallokalet på soknehuset.
– Det er flott å registrera at oppmøtet er godt og at folk er villige til å bruka stemmeretten sin, seier Reinertsen.