nyhende

Talet på vidaregåande skular går stadig ned, og talet på offentlege grunnskular har sokke med nesten ein sjettedel på 15 år i Noreg. Onsdag blei det vedteke å leggje ned vidaregåande skular på Dokka og Skarnes og skulestadane på Flisa, Sønsterud, Dombås og Lom.
Talet på vidaregåande skular går stadig ned, og talet på offentlege grunnskular har sokke med nesten ein sjettedel på 15 år i Noreg. Onsdag blei det vedteke å leggje ned vidaregåande skular på Dokka og Skarnes og skulestadane på Flisa, Sønsterud, Dombås og Lom.

Jamn nedgang i grunnskular og vidaregåande skular i Noreg

Færre offentlege, fleire private, men færre totalt er fasiten over talet på grunnskular og vidaregåande skular i Noreg dei siste 15 åra. Og færre kan det bli.

Publisert Sist oppdatert

Fleirtalet i fylkestinget i Innlandet avgjorde onsdag ettermiddag at dei vidaregåande skulane på Dokka og Skarnes og skulestadene på Flisa, Sønsterud, Dombås og Lom skal leggjast ned.

Nedlegginga er ikkje unik for Innlandet. Det har vore ein jamn nedgang av både vidaregåande skular og grunnskular i Noreg i fleire år.

Fleire private, færre samla

I skuleåret 2021–2022 var det til saman 420 vidaregåande skular i Noreg, ifølgje Utdanningdirektoratet. 320 var offentlege og 100 private. Ti år tidlegare var det 26 fleire offentlege vidaregåande skular i Noreg. Trass i ein auke på 14 nye private vidaregåande skular i 2021–2022, var nedgangen likevel på 12 vidaregåande skular.

Trenden er lik for norske grunnskular. Kvart år frå 2009 til 2023 har det vore nedgang i talet på offentlege grunnskular i Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Talet på private grunnskular har auka, men langt frå nok til at det samla talet på grunnskular ikkje er i nedgang på 14 år.

I 2009 var det 3.068 grunnskular i Noreg – 2.907 offentlege og 161 private. Fram til 2023 har det samla talet på grunnskular sokke til 2.711, trass i at talet på private grunnskular har auka til 278. Dette kjem av at talet på offentlege grunnskular har sokke med nesten ein sjettedel – frå 2.907 til 2.433, ein nedgang på 474 offentlege grunnskular.

Færre kan det bli

Nedleggingsrunden er ikkje ferdig etter avgjerda i Innlandet onsdag om å leggje ned dei seks skulane og skulestadane i fylket. Minst 78 skular er truga av nedlegging, viser ei NRK-kartlegging frå tidlegare denne veka.

I hovudsak er bakteppet dårleg kommuneøkonomi. Mangel på arbeidskraft og fallande elevtal er andre årsaker.

Powered by Labrador CMS