nyhende

Jarle Jacobsen er ein av fire som ønsker å stå øvst på lista til KrF Hordaland.
Jarle Jacobsen er ein av fire som ønsker å stå øvst på lista til KrF Hordaland.

Jacobsen vil på Stortinget

For sveibuane er Jarle Jacobsen (50) ei velkjent KrF-namn som har vore med å prega lokalpolitikken i fleire tiår. No vil han ha meir makt som politikar på nasjonalt nivå.

Publisert Sist oppdatert

Dag Inge Ullstein er stortingspolitikar og første nestleiar i KrF. I vår meldte han at han ikkje tar gjenval. Etter kvart har Joel Ystebø, Stian Lavik og Ylva Bang sagt at dei ønsker å bli arvtakarar og stå øvst på lista til Hordaland.

Siste mann ut er Jarle Jacobsen. Øklandsbuen har mange år bak seg som lokalpolitikar, og var mellom anna varaordførar i 2011-2015. I vår gjekk han av som leiar for Sveio KrF, og er no spelt inn i nominasjonsprosessen av lokallaget.

Vil påverka direkte

– Kvifor vil du på Stortinget?

– I løpet av åra som lokalpolitikar har eg sett at mykje av det som påverkar lokalpolitikken skjer sentralt i Oslo. Som stortingspolitikar vil eg kunna påverka direkte lokal fordeling av pengar og ikkje minst samferdsel.

Jacobsen ser det som er fordel at han har mange år bak seg som yrkesaktiv og kjem frå lokalpolitikken.

– Det er ute i kommunane folk bur og opplever i kvardagen korleis politikken på verkar dei. Eg håper det blir fleire av oss med den type bakgrunn på Stortinget etter neste val, seier han.

Hjartesaker

Jacobsen har mange saker han vil påverka, men trekker fram følgande når me spør om hjartesaker:

– Litt kjedeleg, men gode rammevilkår for kommunane, skule og barnehage, og låg fødselsrate. Når det gjeld det siste håper eg at partiet kan løfta fram mogelegheiter for å gjera det lettare for unge å få barn. I dager er det, sett på spissen, blitt slik at ein må ha master, fast jobb og hytte på fjellet før ein får barn. Då blir det færre barn i kommunane og Noreg, og velferdstilboda blir bygd ned. Det som er bygd ned veit me er tungt å bygga opp igjen, seier han.

Konservativ

Jacobsen høyrer til den konservative fløyen av partiet, men understrekar at partiet har rom for alle.

– Det kjem alltid til å vera ulike meningar, men samstundes har me mange ting som knytter oss saman.

– Har du blitt meir konservativ med alderen?

– Ikkje meir konservativ, men tydelegare på verdiar. Samtidig som eg er meir romsleg på å finna løysingar og finna saman.

Overraskande uro

– Akkurat no er det uro kring partiet og varslinga mot Olaug Bollestad. Korleis påverkar dette deg?

– Det kom som ei overrasking på oss. Eg har tillit til at dette blir ordna opp internt ganske snart, og det endra ikkje noko på mitt ønske om å bidra eller nominasjonsprosessen, seier Jacobsen.

16. november blir nominasjonen til KrF Hordaland krins klar. Før det skal det mellom anna vera lokallagsmøter med frist 31. august til å koma med innspel.

Powered by Labrador CMS