Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Isbreane smeltar raskare enn venta
Nye funn viser at smeltinga av isbrear kan nå eit uoppretteleg vippepunkt tidlegare enn me har trudd.
Drastisk etter 2010
Forskarteamet undersøkte oppteikningar som går tilbake til år 1770 og fann at tapet av isbrear har auka særleg drastisk sidan år 2010, skriv Forskning.no
Mellom 2010 og 2020 dobla farten på istapet seg og nådde 5,91 kubikkilometer per år.
Isbreane vart reduserte fem gonger raskare kvart år frå 2015 til 2019 enn dei vart i perioden 1948–1979. Totalt mista isbreane på Juneau-platået nesten ein firedel av det opphavlege isvolumet mellom 1770 og 2020. Alle breane som vart kartlagde i 2019, har trekt seg tilbake samanlikna med posisjonen i 1880. 108 isbrear har forsvunne heilt.
Forskarane meiner at prosessane dei har observert i Juneau, sannsynlegvis vil påverke liknande område andre stader i verda.
Hardangerjøkulen
– Prosessane kan vere viktige for norske isbrear med flate platå i øvre delar, seier forskar Jacob Bendle.
Han trekkjer fram Svartisen og Hardangerjøkulen som døme:
– Slike isbrear er sannsynlegvis sårbare for rask smelting når klimaet blir varma opp i høgda.