nyhende

Nye E39 frå Bokn til Bømlafjorden vil bli over sju mil lang. Her er dei to trasévala teikna inn. Kart: Statens vegvesen
Nye E39 frå Bokn til Bømlafjorden vil bli over sju mil lang. Her er dei to trasévala teikna inn. Kart: Statens vegvesen

Inviterer til vising av korleis nye E39 kan bli

For første gong skal Statens vegvesen visa detaljerte illustrasjonar av korleis ny E39 mellom Bokn og Bømlafjorden kan bli. Det skjer på tre informasjonsmøte i september. 140 hus- og hytteeigarar får eige brev på førehand.

Publisert Sist oppdatert

Først ut er Sveio der det blir informasjonsmøte i Vigdartun 16. september. Dagen etter er det møte i Tysværtunet, og 18. september står Bokn Arena for tur.

På møta vil ein for første gong kunna sjå meir i detalj korleis vegen kan bli plassert gjennom dei tre kommunene.

Undervegs-oppdatering

Sjølve forslaget til kommunedelplanen er ikkje klar før neste år.

– Dette blir ei underveis-oppdatering i arbeidet vårt. Me jobbar fortsatt med planen og utgreiingar, men me har nye illustrasjonar som viser korleis ny veg kan sjå ut i dei to korridorene me utgreier. Desse illustrasjonane vil gi ei betre forståing av kor store eller små inngrep dei to korridorane fører til. Me håper dette kan bidra til gode innspel og demokratiske prosessar når me legg fram heile planen neste år, seier Henry Damman, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Når video av begge dei to alternative traséane blir viste i september, vil rundt 140 hus- og hytteeigarar sjå at vegen er teikna inn der deira bustad eller hytte ligg. Desse hus- og hytteeigarane får dei næraste dagene brev i posten for å bli førebudd på illustrasjonane som vil bli vist i informasjonsmøtene.

– Kan opplevast dramatisk

Damman forstår at eit slik brev og dei nye illustrasjonane kan opplevast krevjande for mange.

– Me har stor forståing for at dette kan opplevast tøft. Tidlegare har me vist kart som viser eit breitt område kor vegen kan koma. Når me no viser ein animasjon kor det faktisk går ein veg der folk sine heimar og hytter ligg, blir det kanskje enda meir dramatisk og reelt for mange. Det forstår me kan skapa mykje utryggleik, seier Damman.

Det er hus- og hytteeigarar som kan bli hardast ramma som no får varsel. Enda fleire personar blir berørt ved at vegen vil gå over delar av deira eiendom. I etterkant av møtet vil det bli publisert kart som viser kva eiendommar som truleg blir direkte ramma slik traséane er per nå.

Blir din eigedom berørt av planane? Her kan du lesa kva rettar du har.

– Når me no viser ein animasjon kor det faktisk går ein veg der folk sine heimar og hytter ligg, blir det kanskje enda meir dramatisk og reelt for mange. Det forstår me kan skapa mykje utryggleik, seier Henry Damman, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Individuelle samtalar

Ein så omfattande planleggingsprosess vil utløysa ei rekke spørsmål om kvar enkelt eigedom som kan bli berørt. Kommunedelplanen for E39 Bokn-Bømlafjorden er heile sju mil lang, og omfattar fleire hundre eigedommar.

– Når me legg fram heile planen i februar vil det vera mogeleg å få individuelle møter med oss for å stilla spørsmål om sin eiendom, eller andre spørsmål. Me kjem til å setja av fleire dager for å snakka med alle som ønsker det, men me har ikkje moglegheit for å diskutera kvar enkelt eigedom i samband med informasjonsmøtene i september, forklarar Damman.

Førre gong Vegvesenet inviterte til individuelle møte i samband med E39 Bokn-Bømlafjorden, møtte over 120 innbyggarar opp med spørsmål.

Alt klart til vinteren

I februar neste år planlegg Statens vegvesen nye informasjonsmøte når forslag til planen er klar og skal leggast ut på høyring. I februarmøtet vil dei presentera fleire tema som ikkje blir ein del av september-oppdateringa.

– I februar vil me offentleggjera alle utgreiingar og rapportar. Me veit mange er opptatt av inngrep i natur og lokalmiljøet. Her jobbar me med å sluttføra fleire av rapportane, og dei vil difor ikke bli tema før møtet i februar. Sidan me fortsatt jobbar med rapportane og kunnskapsgrunnlaget, har me heller ikkje bestemt kva for ein trasé me vil anbefala, Det vil vera klart i februar, opplyser Damman.

Powered by Labrador CMS