nyhende
Inviterer til sydentur
Til hausten skal Sveio Frivilligsentral for første gong arrangera ei såkalla trivselsreise til syden. Turen går til Kypros og varer i to veker, frå 26. oktober til 9. november.
På den tida i fjor låg dagtemperaturen på staden rundt 30 grader. Turen blir arrangert i samarbeid med Etne Frivilligsentral og Vital Reiser. Dei to frivilligsentralane disponerer til saman 25 plassar pluss kvar sin reiseleiar.
– Det er ein tur for vaksne, seier dagleg leiar Guro Røher ved Sveio Frivilligsentral.
Var med Bømlo i fjor
Ho deltok sjølv på ein tilsvarande tur til same stad med Bømlo Frivilligsentral i fjor, og seier at dei fleste deltakarane nok var eldre, men at vaksne i alle aldrar kan delta. Og folk frå heile Hauglandet er velkomne til å vera med.
– Mange opplever det trygt å reisa på ein slik organisert tur der dei gjerne også kjenner fleire av dei andre deltakarane og har med reiseleiarar som kan hjelpa dei med praktiske spørsmål.
Røher blir med som reiseleiar frå Sveio. Ho fortel at dette er ein tur som deltakarane må betala fullt ut sjølve. Dei må også i utgangspunktet klara seg sjølve eller ha med hjelparar dersom dei er avhengige av assistanse av helsemessige årsaker.
– Mange andre frivilligsentralar har hatt tilsvarande turar tidlegare, med gode erfaringar. Det er ein tur i tråd med frivilligsentralane si målsetjing om å skapa møte mellom menneske som kan føra til nye venskap, seier Røher.
Reiser via Bergen
Turen går med buss frå Etne via Sveio til Flesland, og derfrå med direktefly til Kypros. Under opphaldet får deltakarane bu på eit sentralt plassert hotell med mange tilbod. Halvpensjon er med i prisen, og gjestene kan velja mellom lunsj og middag i tillegg til frukosten.
– Eg er spent på oppslutnaden. Så langt har me berre marknadsført turen på Facebook, og har til nå seks påmelde, fortel Røher.
Ho hadde gjerne sett at dei kunne ta fly frå Haugesund lufthamn, men Vital har ingen avtangar derfrå. Siste påmeldingsfrist er 1. august, om ikkje turen blir fullteikna før den tid.