nyhende

Prosjektleiar Brynhild Herheim inviterer til stort foreldremøte for skulestartarar i heile Sveio den 16. november. Det hadndlar om å gi barna ein god overgang frå barnehage til skule og SFO.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Prosjektleiar Brynhild Herheim inviterer til stort foreldremøte for skulestartarar i heile Sveio den 16. november. Det hadndlar om å gi barna ein god overgang frå barnehage til skule og SFO.

Inviterer til stort møte for foreldre med skulestartarar

Sveio kommune jobbar for at born og deira føresette skal få ein betre overgang frå barnehage til skule og SFO. Difor inviterer kommunen no til historias første «storforeldremøte» for foreldre til skulestartarar den 16. november.

Publisert Sist oppdatert

— Formålet med møtet er at føresette skal få så mykje generell informasjon som mogeleg om kva som skjer når barnet flytter frå barnehage til skulen og skuelfritidsordninga (SFO), seier prosjektleiar Brynhild Herheim.

Herheim vart i fjor tilsett som leiar av det eit 4,5 år lange folkehelseprosjektet «Hallo! Adjø!» i Sveio kommune. Eit såkalla storforeldremøte, for føresette med skulestartarar.

— Møtet kjem i stand som eit resultat av et føresette har meldt tilbake at dei synes det har vore for liten informasjon om overgangen til føresette tidlegare, fortel Herheim.

Har sakna informasjon

Tilbakemeldingane har ho fått gjennom ei spørjeundersøking som er gjennomført blant foreldre i haust. Den har vore gjennomført både ved hjelp av skjema som føresette har fylt ut og sendt tilbake, og gjennom intervju med føresette.

— Nokre har gitt uttrykt for at det er vanskeleg som forelder å skulle trygge barna i overgangen, når ein sjølv ikkje har nok informasjon til å kjenne seg trygg på at alt som skal skje, poengterer ho.

Borna sjølve skal ikkje delta på møtet den 16. november. Men til våren vert det arrangert besøksdagar med barnehagen til skule, og ein besøksdag med føresette.

Arrangementet, som er for foreldre med barn i alle dei åtte private og offentlege barnehagane i kommunen, blir det andre større tiltaket i denne satsinga. Det første tiltaket vart sett i gong i august, då det vart etablert eit nettverk for tilsette i barnehage og skule, for å styrke samarbeidet knytt til ungane sin komande overgang.

Ordføraren opnar

Det store foreldremøtet vil bli opna av ordførar Linn Therese Erve (Ap). Her skal føresette få informasjon både om kva dei sjølv kan gjere for å lette overgangen for barnet i tillegg til informasjon om aktivitetar knytt opp mot overgangen

— På møtet blir det innlegg både frå rektor, folkehelsekoordinator, biblioteksjef, SFO-leiar, helsesjukepleiar og meg som prosjektleiar, fortel ho.

Det var i 2021 at Sveio kommune fekk 3,7 millionar kroner til sitt folkehelseprosjekt «Hallo! Adjø!».

Pengane kjem som tilskotsmidlar frå Vestland fylkeskommune. Fokuset i prosjektet er overgangen for barn og unge, og utviklinga av eit heilskapleg system for overgangen mellom barnehage og skule. Prosjektet er sett i verk på bakgrunn på forsking som viser at barn som opplev gode overgangar frå barnehage til skule, også er betre rusta til å takle liknande overgangar seinare i livet.

Powered by Labrador CMS