nyhende

Kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft og leiar i hovudutvalet for helse og omsorg Arne Valen (Sp) inviterer til fagdag.
Kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft og leiar i hovudutvalet for helse og omsorg Arne Valen (Sp) inviterer til fagdag.

Inviterer til fagdag om helse og omsorg

Torsdag 2. mai inviterer hovudutvalet for helse og omsorg saman med administrasjonen i Sveio til kommune til open fagdag om helse og omsorg i Sveio – no og i framtida.

Publisert Sist oppdatert

Alle er velkomne til fagdagen, som blir lagt til soknehuset. Samlinga er gratis, men arrangørane ønskjer påmelding av omsyn til servering.

Leiaren i hovudutvalet, Arne Valen (Sp) og kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, oppmodar i særleg grad medlemmene av eldrerådet, pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter, pårørande generelt og representantar for ulike pasientorganisasjonar til å møta fram og engasjera seg.

– Pårørande viktige

– Pårørande er ei svært viktig gruppe og ei gruppe som ofte må bera eit tungt ansvar. Ikkje minst gjeld dette i ein tidleg fase av demenssjukdom, før eit skikkeleg tilbod er etablert, seier Valen.

På fagdagen blir det ei rekke innlegg, men også opning for folk flest til å ytra seg og koma med ønske om korleis eldreomsorga i Sveio skal sjå ut i framtida. For det er i stor grad eldreomsorga det kjem til å handla om, for eksempel ulike buformer.

Valen og Toft nemner ulike buformer, som for eksempel helsetun med åtte-ti husvære i kvar.

Eldretun

– Slike tun treng ikkje berre etablerast i Sveio sentrum, men også andre stader. Men det er urealistisk å rekna med at kvar lita grend kan få sitt tun, seier Valen.

Både han og Toft er samde om at oppbygging av framtidige buformer for eldre er noko både dei eldre sjølve og kommuen må ta ansvar for. Og dei meiner også at staten må koma inn med større overføringar for at kommunane skal klara sine oppgåver.

Korleis dagens regjering ser på dette spørsmålet, vil kanskje stortingsrepresentant Tove Elise Madland (Ap) gi svar på i sitt innlegg.

Kven skal betala?

Samfunnsutviklingssjef John Fredrik Rognsvaag og samhandlingskoordinator Marianne Wennersberg frå Tysvær skal helsekvarteret deira. Frå Sveio kommune blir det innlegg av Petter Steen jr og ordførar André Mundal Haukås (H) i tillegg til Toft og Valen.

Dessutan pågår det ein forvaltningsrevisjon av helse- og omsorgstenesta i Sveio for tida. Denne er ikkje avslutta, men forvaltningsrevisorane Svein Kvalvåg og Mathushiga Thiyagaraja vil likevel vera med og peika på noko som dei meiner kan betrast.

Rekrutteringsproblem

Generelle utfordringar med rekruttering av helsepersonell, og då særleg legar og sjukepleiarar, vil også bli tema. Her vil det handla om både løn, arbeidstilhøve og organisering av tenestene.

Toft seier at konkurransen om arbeidskrafta blir stadig større, og nemner som eksempel at mange yngre legar i dag ynskjer såkalla «nordsjøturnus» som vil krevja fleire legestillingar. Større fagleg miljø er også tema i samband med nye legar.

Powered by Labrador CMS