nyhende
Inviterer til aksjonsdag for SOS-barnebyer
Torsdag 28. november er det den årlege aksjonsdagen på Auklandshamn skule. Alle er velkomne.
Det seier dei tre blide ambassadørane som kom innom Vestavind for å høyra om me hadde gevinstar til basaren som er ein del av aksjonsdagen.
– Me har mellom anna laga ting som skal seljast. Og så er det basar. Aksjonsdagen har vore i fleire år, og pengane me samlar inn skal gå til SOS-barnebyer, fortel Amalie Stueland (5. klasse), Erlend Vestvik Andersen (6. klasse) og Maria Selland (7. klasse).
– For kven som helst
– Er det berre foreldre og slekt som får koma?
– Nei, det er for kven som helst, og alle er velkomne. Det skal vera på skulen, seier dei tre før dei går vidare på gevinstjakt.
Har jubileum neste år
Rektor Camilla Fagerland Tverrfjell fortel at dei brukar å få inn 15.000-20.000 kroner på desse årlege aksjonsdagene.
– Kor lenge har de halde på?
– Aksjonsdag er blitt arrangert kvart år sidan første gong 11. november 2005. Auklandshamn skule arrangerer også kvart år Skolejoggen til inntekt for SOS-barnebyer.