nyhende
Inviterer 250 sveibuar over 65 år på middag
I slutten av august kan eldre i Sveio få gå på restaurant og sitja tilbords i fellesskap på kommunen si rekning. Det er rom for 250 personar, og dermed førstemann til mølla.
Det har vore ei spesiell tid for alle med tanke på koronasmitte og oppmodingar om å ha få nærkontaktar, men no er det håp om betre tider.
For mange vil det nok bli eit gledeleg innslag i kvardagen å ta del i opplegget som Sveio kommune steller i stand med tilskotet dei har fått frå Helsedirektoratet til føremålet, retta mot dei over 65 år og fastbuande i kommunen. Det er ikkje eit krav om å vera vaksinert for å melda seg på, og det vil vera fokus på godt smittevern.
Tre dagar
– Kva blir det til middag?
– Det veit me ikkje enda, men det vil bli gratis middag, dessert og underhaldning – på dagtid, seier Åshild Danielsen, aktivitetskoordinator innan pleie og omsorg i Sveio kommune.
Middagane vil bli gjennomførte over tre dagar i to lokale, Ryvarden Kulturfyr og Kaien i Førde. Datoane ein kan velja mellom er 24., 25. og 26. august. Det er 250 plassar fordelt på dei to etestadane. Irene Halseid vil stå for underhaldninga.
Påmelding frå tysdag
Påmeldinga, som skal skje per telefon til Sveio frivilligsentral, startar tysdag 10. august. Så lenge det er mogleg, kan ein velgja etestad og kva dag ein skal ut og eta. I tillegg må ein hugsa å gi beskjed om ein ikkje kjem seg fram sjølv, slik at det kan leggjast til rette for transport.
– Eg håpar at me treff alle aldersgrupper, dette blir kjekt! seier Danielsen.
Spasertur
Om nokon lurer på kor mykje tid dei bør setja av til det heile, kan det fort gå minst to timar. For dei som kan og ønskjer, er det mogleg å kombinera restaurantbesøket med ei lita uflukt i eigen regi.
– Frå Kaien kan ein gå tur i Rex Garden etterpå, og kanskje vil sjå Flokehyttene på Ryvarden? tipsar Danielsen.
Middag for eldre er meint som eit positivt tiltak i kvardagen, for å motverka moglege konsekvensar etter sosial isolasjon, og på same tid leggja til rette for at eldre kan få vera del av eit sosialt fellesskap.