nyhende
Investeringsstøtta til bygging av fjøs er nesten brukt opp for i år
Ei oversikt frå Innovasjon Noreg viser at meir enn halvparten av fylka per 12. september har brukt opp 90 prosent eller meir av potten dei kan dele ut til bønder som vil byggje fjøs.
Det skriv avisa Nationen.
Senterpartiet fekk i juni gjennomslag for å fylle på med 175 millionar kroner ekstra i revidert statsbudsjett, men desse pengane er også brukt opp i mange av fylka.
I Rogaland, Agder, Vestfold og Møre og Romsdal er alt brukt opp medan andre tunge landbruksfylke som Innlandet, Trøndelag og Vestland følgjer hakk i hæl med tilnærma tom kasse.
Til saman er det litt over 1,3 milliardar kroner som er sett av til investeringsstøtte i landbruket, dei såkalla IBU-tilskota, for 2025.
Annonse
Innovasjon Noreg reknar med at midlane i all hovudsak vil bli brukt opp innan kort tid.