nyhende

Leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, seier det er stas å få pris.

Internasjonal pris til Natur og Ungdom

Natur og Ungdom har blitt valt ut som mottakarar av Max van der Stoel-prisen frå OSSE for sitt arbeid for å gi unge ei stemme i miljøpolitikken.

Publisert Sist oppdatert
– Det er ei ære å få ein sånn pris. Det er ikkje berre ei anerkjenning av arbeidet vi gjer, men eit bevis på at Noreg sin dårlege miljø- og menneskerettspolitikk ikkje går usett i utlandet, seier leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius.

Det skriv Framtida.

grunngivinga til juryen står det at Natur og Ungdom får prisen som ei anerkjenning av arbeidet dei har gjort for å byggje bru mellom ulike samfunnsgrupper og for å ha jobba for samiske interesser i miljøkampen.

Juryen peiker på at rettane til urfolk og miljørettar blir stadig meir relevante for kvarandre.

Max van der Stoel-prisen blir delt ut av OSSE annakvart år for å heidre nokon som har gjort framifrå arbeid for å forbetre posisjonen til nasjonale minoritetar i OSSE-land.

Saman med prisen får Natur og Ungdom ein pengepremie på 50.000 euro, som svarar til cirka 600.000 norske kroner.

Prisutdelinga skjer i Haag i Nederland 6. november.

Powered by Labrador CMS