nyhende
Insektforskar fann sensasjon på heimgarden i Førde
Jostein Kjærandsen er ein av Noreg sine fremste insektforskarar. Han har jobba mange år i Sverige, og dei siste åra i Nord-Noreg. Men eit av dei mest oppsiktsvekkande insektfunna gjorde han nyleg på heimgarden i Førde.
Jostein Kjærandsen (56) jobbar til dagleg som professor ved Norges arktiske museum i Tromsø. Der vier han arbeidslivet til å forske på insekt, og spesielt soppmygg.
Men han vaks opp i Solheimshaugen, rett ovanfor Førde sentrum. Barndomsheimen er i dag fritidsbustad for han og søskena. Når han er der, plar han å dokumentere insekt i nabolaget. På eigedomen står mellom anna ein gamal låve, kor han plar å lokke insekt inn ved å setje på lys om natta. Deretter dokumenter han dei til dømes i vindauge når det er dagslys.
Det var slik han gjorde ei særs spesiell oppdaging på seinsommaren for snart to år sidan.
— 30 sekund etter at eg hadde fotografert ein stor mygg, forstod eg plutselege kva art det var snakk om. Eg vart heilt skjelven, fortel han.
Ikkje sett på over 100 år
Det var ein spinnmygg av arten Rocetelion humerale han hadde framfor seg. Ein storvaksen tovingeart som er rekna som særs sjeldan, utryddingstruga og dermed raudlista. Den var sist dokumentert i Noreg så langt tilbake i tid som i 1914. Den gongen samla i Erfjord i Ryfylke i 1901, av insektforskaren Embrik Strand.
Kjærandsen såg berre den eine av arten i låven, men han forstod at det måtte finnast fleire i nærleiken. Myggen fanga han med ein såkalla aspirator, eller insektsugar om du vil. Ein fot av myggen vart så sendt til eit spesiallaboratorium i Canada som DNA-stadfestar arten.
Då han seinare studerte ei svær rotnande grein langs Kyrkjestigen i prestegarden i Førde, som truleg var knekt av i ein storm for meir enn 40 år sidan, oppdaga han ei stor aktiv larve på den. Også den vart sendt til DNA-testing, og det viste seg å vere blink. Larva tilhøyrde same arten han hadde funne i låven.
Fleire vil nok hugse Kjærandsen frå hans sterke interesse for fuglar i ung alder. Han og kameratane Einar Tjelle, Erik Eikehaugen og Frank Nilsen gav på 1980-talet ut den første oversikta over fuglefaunaen i Sveio. Han fortel at han allereie som 10-åring var mykje ute i naturen, og saman med naboguten Einar Tjelle var han fascinert av alt frå astronomi til insekt. Dei samla mellom anna mange sommarfuglar.
— Eg hadde flerie småkassar med rundt 50 sommarfuglar heime, minnest han.
27 myggfamiliar i Noreg
Meir enn 40 år etter at han samla sommarfuglar i Førde, bur Kjærandsen i dag i lag med familien sin i Tromsø. Der har han fast jobb som insektforskar ved Noregs arktiske universitetsmuseum. Han er særleg opptatt av taksonomi og arts-diversitet, og kan fortelje at det finst 27 myggfamiliar i Noreg. Berre tre av dei, stikkmygg, sviknott og knott, er arter som stikk oss.
— Alle dei andre, frå store stankelbein til ørsmå gallmygg, er fredelege, seier han.
Kjærandsen har spesialisert seg på soppmygg. Larvene lever, som namnet hintar om, i sopp. Mange går også i rotnande trevirke som er blitt infisert av sopp.
— Når dei er klekte, et dei ikkje så mykje. Dei drikk og tar litt nektar. Dei pollinerer små og uanselege blomar, og dei er ein viktig matkjelde for fugl. Larvene har litt same rolle i naturen som meitemarken – dei er viktige i nedbrytingsprosessen i naturen, fortel han.
Jobbar med livsverk
Gjennom dei siste åra har Kjærandsen også jobba med eit prosjekt kor ein ved hjelp av moderne teknologi og DNA-testing er i ferd med bygge opp eit stort referansearkiv, som har gjort arbeidet med å artstadfeste funna ein gjer lettare. Kjærandsen fortel at han sender ein fot av kvar mygg han fangar på ekskursjonane sine, og sender denne til eit laboratorium i Canada som har spesialisert seg på metoden.
Tilbake får han svar på kva DNA-sekvens arten høyrer til, og gjennom såkalla nøklar blir artane identifiserte utifrå utsjånaden. Saman med fleire kollegaer i høvesvis Finland, Russland og Estland, jobbar Kjærandsen for tida med å lage det første bokverket om nordiske soppmygg. Der blir alle dei nesten 1.200 artane beskrivne og fotograferte.
— Det blir på mange måtar livsverket mitt. Det første bindet, med om lag 200 artar er snart klart, fortel han.
I god forskartradisjon har også sveibuen fått insekt oppkalla etter seg. Namngjeving av nye artar skjer nemleg ved at første del av namnet beskrive slekta den høyrer til i. Så legg ein til eit unikt latinifisert artsnavn, som ikkje sjelden er namnet på nokon som enten har vore med i prosessen, eller ein kollega ein vil heidra litt. Det finst i dag ei lita handfull insekt som er oppkalla etter Jostein Kjærandsen, til dømes fjærmyggen Rheotanytarsus kjaerandseni frå Ghana.
Blir stadig ferre insekt
I ei verd kor menneskeleg aktivitet stadig presser vekk naturen, går også mange artar sine habitat tapt.
— Me ser at også insektfaunen går ned. Eg trur ikkje det er så dramatisk i Noreg enno, men det kan komme også her, seier han.
Konsekvensane av at talet på artar går ned, er han ikkje ekspert på.
— Men eg er veldig nøgd med å få bidra til å kartlegge faunen og endringane i den, smiler han.
Han har ei bøn på vegner av artsmangfaldet, også i Sveio.
— Ikkje sjå på alle tre som fell som noko som berre ligg i vegen. Alt treng ikkje å bli til ved. La nokre tre ligge i fred, eller lagre dei ein stad dei ikkje er i vegen for noko. For dei er viktige habitat for mange insektartar, minner han om.
PS! Artikkelen han har skrive om artsfunnet på hemgarden kan du lese her (på engelsk):
http://www.entomologi.no/journals/nje/2022-2/pdf/nje-vol69-no2-2022-269-283-kjaerandsen.pdf