nyhende

Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

– Inkludering er eit konkurransefortrinn

I juni har NAV i region Sunnhordland registrert 1,1 prosent av arbeidsstyrken som heilt ledige arbeidssøkarar. Det er det 18 fleire personar enn månaden før, og 65 fleire personar enn same månad i fjor.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio er det i juni registrert 38 heilt ledige. Det er fem fleire enn månaden før og 10 fleire enn i januar. Samanlikna med juni i fjor er det to fleire ledige i år. Omrekna i prosent er det 1,3 prosent heilt ledige mot 1,2 i mai og 1,0 prosent i januar.

I Sunnhordlanderdet i juni lågast arbeidsløyse i Tysnes (0,7 prosent) og Stord (0,8 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland(1,7 prosent) og landet(1,9 prosent).

Vinn på å inkludera

– At arbeidsløysa har vore låg, lenge, kan gjera det krevande for arbeidsgivarane i regionen vår. Me ser likevel at det er noko rørsle i arbeidssøkarbehaldninga, og registrerer ein høg avgang av arbeidssøkarar i juni samanlikna med føregåande år. Dette er sjølvsagt positivt, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I same periode registrerer NAV ein tilgang på 449 ledige stillingar. Talet ledige stillingar er høgare enn talet heilt ledige og arbeidssøkarar på tiltak – også kalla bruttoarbeidsløyse – til saman (409).

– Den stramme arbeidsmarknaden held fram. Arbeidsgivarar som er gode på å inkludera fleire i arbeidslivet vil ha eit konkurransefortrinn i dagens arbeidsmarknad. Der kan me vera til hjelp, seier Lægreid.

Langtidsledige og innvandrarar

Andelen som har vore ledig i 26 veker eller meir – langtidsledige – har auka til omlag 36 prosent. På same tid sit NAV med tal som viser at om lag halvparten av dei som er heilt ledige i regionen har innvandrarbakgrunn.

– Me finn at landbakgrunn som går mest igjen er høvesvis Ukraina, Polen og Litauen, seier Lægreid.

Blant alle ledige er også 69 i juni på tiltak. Eit av tiltaka som har auka mest i Sunnhordland, samanlikna med same månad i fjor, er opplæringstiltak.

– Å tilføra relevant kompetanse til den einskilde har lenge vore eit innsatsområde frå det offentlege, og me er glade for å sjå at tala viser det same. Lokalt har me mange arbeidsgivarar som er gode til å inkludera. Me treng at enda fleire opnar for å senka krava for å koma inn på arbeidsmarknaden, seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS