nyhende

Sveio slepp unna med gult farevarsel, men me vil merka utkanten av ekstremvêret. Kart: Meteorologisk instritutt
Sveio slepp unna med gult farevarsel, men me vil merka utkanten av ekstremvêret. Kart: Meteorologisk instritutt

«Ingunn» på full fart mot norskekysten

Ny veke, og ny runde med uvêr. Denne gongen så kraftig at det har fått namn: Ingunn. Me ser ut frå meldingane til å sleppa unna med gult farevarsel.

Publisert Sist oppdatert

«Ingunn» kjem til norskekysten rundt klokka 12.00 i morgon, onsdag med ekstremt kraftige vindkast opp i 50 m/s. Grensa for orkan er 33 m/s, og det er sendt ut raudt farevarsel for delar av Nordfjord, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland.

Heldigvis ikkje midt i leio

Sveio ligg dermed ikkje midt i leio for uvêret, men det er berre å bu seg på 24 timar med vått og vindfullt vêr. Det er venta kuling med opp i full storm i kasta. Kraftigast vindkast meldes det natt til torsdag og tidleg torsdag morgon.

Vinden vil dreia frå sør til sørvest, og så vestleg retning rundt 18.00 onsdag. Denne vindretninga vil halda seg til 8-9-tida torsdag morgon. Då dreier vinden mot nordvest igjen før den skiftar til vest på nytt i 15-tida. Då reknar Yr med at vinden har løya til laber bris med liten kuling i kasta.

Minner om nyttårsorkanen i 1992

Både i vindstyrke og -retning minner «Ingunn» om nyttårsorkanen som ramma samme område i 1992. Det blir sagt at det var den sterkaste målte stormen på det norske fastlandet, og ødeleggingane var store.

Det er det også venta at dei bli denne gongen. Å vera ute er farleg, og ein bør unngå å køyra om det ikkje er heilt nødvendig. Det er venta uvanleg stor skade på bygningar, infrastruktur, skog og straumnett, og det er stor fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og annan transport. Bruer og fjellovergangar kan bli stengde, og høge bølger kan føra til skade på bygningar i strandsona.

Powered by Labrador CMS