nyhende
– Ingen ved makta som gjer noko
Jan Olav Næss er yrkessjåfør og opplever ofte nestenulukker langs Gullvegen. No som Ølen Betong skal auka vogntogtrafikken, og Ryvarden vert stadig meir populær, meiner han det hastar med utbetring.
– Eg har budd i området sidan eg vart fødd i 1964, og køyrd lastebil her i om lag 40 år, seier Jan Olav Næss.
Mølstrevågingen inviterte Vestavind med på veginspeksjon då han var å røysta ved lokalvalet i september. Næss meiner det hastar med utbetring. Forutan manglande trafikktryggleik i seg sjølv, så kjem mengda trafikk av både personbilar, turistar i bubilar og særleg vogntog til å auka i åra framover.
– No har me hatt så mange dødsfall i trafikken i år, og mange av dei var unge. Så kvifor ikkje gjera det tryggare der det er enkelt å utbetra? Me har jo god råd i dette landet, seier Næss medan han køyrer langs Gullvegen.
«Breiare» med få tiltak
Før kvar sving bremsar han godt ned og held blikket på vegen. Det er ikkje god plass til lastebilen hans, og personbilar kjem seg forbi med godvilje. Næss ynskjer dei kunne gjort vegen «breiare» utan å gjera den breiare, og forklarar korleis.
– Sjå desse «nibbane» med stein som stikk ut frå vegkanten, seier Næss og peiker på fleire berg som pressar seg fram mot vegen frå kratt og fjellveggar.
Større køyretøy må ofte «hiva» seg til sides når dei møter andre bilar. Då står desse bergkantane i vegen og ein risikerer å skrapa opp sida, setja seg fast eller å regelrett knusa inn i dei.
– Tenk om kommunen kunne fått nokre timar her med gravemaskin og hammar, så hadde bergkantane vore borte, seier han.
På særleg to stader i Gullvegen har det kome autovern. Næss er jo samd i at det er bra vegen vert sikra, men peiker på korleis det dessverre gjer kvardagen vanskelegare for større køyretøy.
– Dei auka ikkje vegbreidda på andre sida. Då vert vegen berre mindre og farlegare, seier han.
Sesongar med kvar sine farar
Mange av desse observasjonane trur han einkvar yrkessjåfør er samd i, men for sjåførar i mindre bilar så går desse erfaringane tapt. Ein personbil held sida med mykje større margin enn ein lastebil. Og brøytepinnar som stikk opp frå autovernet slår ikkje av sidespegelen til ein personbil.
– Gullvegen vart bygd på 1970-talet. Eg har gjeve opp ny veg, men den kan enkelt utbetrast, seier Næss.
Dei trafikale utfordringane er sesongbaserte, men dei har alle til felles at Gullvegen er dårleg rusta for dei. I tida framover vert det glattare og vanskelegare å stoppa raskt for alle som køyrer. Samstundes kjem mengda vogntog frå Ølen Betong til å auka.
– Sjå for deg å køyra her i mørket med snø og slaps. Korleis skal eit vogntog klara det, og eventuelt måtta rygga? spør han.
Og når snøen smeltar og bubilturistane kjem køyrande, då vert det spanande.
– Når eg møter ein buss eller trailer må eg inn til sida, og det går for så vidt... men når eg møter utlendingar i bubilar som aldri har køyrd på så dårlege vegar, så legg dei seg midt i vegen, forklarar Næss.
Spørsmål om tid
I slike situasjonar kan det fort gå galt. Næss har to barn som begge er gamle nok til å køyra. Han tenkjer på dei, og dei barna som veks opp her. Skal det berre verta farlegare å køyra?
– Det har ikkje skjedd ein ulukke på vegen på lenge. Er det eigentleg så ille som du seier?
– Ja, det er det. Det er så gale. I dag har me sikrare bilar og gode bremser som hjelper. Men det er nestenulukker heile tida. Før eller sidan klarer dei ikkje å stoppa, svarar Næss.
– Så det er eit spørsmål om tid, trur du?
– Ja. Nyleg var det ein som traff ein «nibb», ein bergkant, lengre forbi innkøyrselen til Ryvarden. Då vart steinen rive laus og fauk ut i vegbanen, seier Næss.
På spørsmål om han sjølv er redd når han køyrer, tenkjer han litt, før han viser til storleiken på køyretøyet sitt og svarar:
– Eg er uroa for at det ein dag skal gå gale, og at nokon ikkje skal klare å stansa før dei treff lastebilen.
Ordføraren blir med
For mellom 15 til 20 år sidan var han mykje i kontakt med kommunen angåande Gullvegen, og bedde dei på køyretur så dei kunne sjå med eigne auge frå lastebilnivå, men til ingen respons fortel han.
– Er passasjersetet framleis ope for politikarar?
– Ja, ingen problem det, svarar Næss.
Fredag den 13. oktober får han gladmeldinga, ordførar André Mundal Haukås (H) takkar ja til tilbodet om køyretur. Omvisinga skal skje tysdag 17. oktober, og Næss fortel han gler seg over å ha fått svar, og ikkje minst eit positivt svar!