nyhende

Sidan byggestoppen av tilfluktsrom vart innført i 1998, har fleire T-rom vorte rivne eller blitt øydelagde. Samstundes har folketalet auka. I dag finst det tilfluktrom til cirka 45 prosent av befolkninga. Mange av romma er i dårleg forfatning – men kor ille den samla stoda er, er det ingen som veit.

Ingen tilsyn av tilfluktsrom i Hordaland

Det er 2.200 tilfluktsrom i Hordaland. Sidan 2023 har ikkje Sivilforsvaret ført tilsyn med nokon av dei.

Publisert

– Standarden på tilfluktsromma i Hordaland varierer betydeleg, som følgje av ulike byggjeperiodar, forskriftskrav og vedlikehaldsnivå, fortel sivilforsvarsadjutant Ranveig Helle i Hordaland sivilforsvar til Nynorsk pressekontor.

2.200 rom

Sjølv om det er Sivilforsvaret som skal føre tilsyn med både offentlege og private tilfluktsrom, er det ein kvar huseigar sitt ansvar å halde romma i forsvarleg stand og sjå til at dei skal kunne klargjerast for bruk innan 72 timar. Ettersom dei fleste tilfluktsrom i landet vart bygde frå 1948 og fram til det vart innført byggjestopp i 1998, er mange av romma likevel i svært dårleg forfatning.

Det blir no jobba med å ferdigstille eit høyringsutkast til ny forskrift og gjeninnføre plikta til å byggje nye tilfluktsrom i utsette område. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har anslått at tilfluktsrom vil koste ein utbyggjar 30.000 kroner per tilfluktsromplass.

Ifølgje Sivilforsvarets «eigar», Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskaps (DSB) konseptutgreiing for Sivilforsvaret frå 2016 , avdekte kontrollar i perioden 2008-2012 eit stort etterslep på vedlikehald. I 2023 slo ein rapport frå Kommunerevisjonen fast at romma i Oslo og Akershus er kritisk dårleg vedlikehalde, og at det manglar både rutinar og tydeleg ansvarsdeling mellom kommunane og Sivilforsvaret ved krigssituasjonar.

Det førte til fornya merksemd kring forfatninga på tilfluktsrom over heile landet. Kor dårleg forfatning dei er i, er det førebels ingen som veit, ettersom det berre er ført tilsyn med dei færraste av romma.

Ifølgje Helle er det om lag 2.200 tilfluktsrom i Hordaland med ein samla kapasitet til 250.000 personar. 51 av romma er offentlege. Desse ligg primært i byar og tettstadar. Kommunen har eigaransvar for romma, medan Sivilforsvaret har ansvar for klargjering og drift. Dei private romma er knytt til bygg som burettslag, skular, institusjonar og næringsbygg. Bergen aleine har om lag 1600 tilfluktsrom. 24 av dei er offentlege.

I følgje Ranveig Helle skuldast mangelen på tilsyn først og fremst ressursmangel. Helle var sjølv tilsett i 2025 for å bøte på dette, og seier planlegging av tilsyn inneverande år no er i gang.

Korleis den samla stoda på alle tilfluktsromma i distriktet er, finst det ingen fersk oversikt over.

– Dei siste åra har dei ikkje vore ført nokon tilsyn med tilfluktsrom i Hordaland sivilforsvarsdistrikt, men planlegginga av tilsyn inneverande år er no i gang.

Auka merksemd

I åra det ikkje er ført tilsyn, har det likevel blitt gjennomført synfaringar. Desse er gjort for å styrkje kompetansen til dei tilsette i distriktet, og for å kunne rettleia eigarar på utbetringar dei bør fokusere på. Dette vil dei halde fram med i tillegg til tilsyn og arbeid med tilfluktsromma, fortel Helle.

Ho seier både private og offentlege eigarar har auka merksemd kring vedlikehald og betring av tilfluktsrom:

– Det er mange private eigarar som tek kontakt for råd og rettleiing, og me har ikkje opplevd utbreidd motvilje mot naudsynte utbetringar eller tilhøyrande kostnader.

Byggjestopp

På jumboplass

  • Samla har Noreg tilfluktsrom til 45 prosent av befolkninga. Til samanlikning har Finland, Danmark og Sverige ein dekningsgrad på høvesvis rundt 90, 80 og 70 prosent.
  • DSB kan ikkje svare NPK på om ei dekningsgrad på 45 prosent av befolkninga er i samsvar med målet om lik beskyttelse av sivile. 
  • Mona Brygard, seksjonssjef i Sivilforsvaret, skriv i ein epost at tilfluktsrom som sivilvernetiltak skal verka saman med andre tiltak, slik som krigsutflytting.
  •  Tilfluktsromma er bygde i tettbygde strok og andre område med forhøgd risiko for luftangrep i krig.

Per i dag er det 18.600 tilfluktsrom i Noreg. Rundt 18.000 av dei er private og 600 er offentlege.

I Totalberedskapsmeldinga som kom i fjor vår vart det foreslått at Justisdepartementet skal be Stortinget oppheve det gamle vedtaket om byggjestopp. Det blir no jobba med å ferdigstille eit høyringsutkast til ny forskrift og gjeninnføre plikta til å byggje nye tilfluktsrom i utsette område.

I år startar også ei kartlegging av eksisterande infrastruktur som fjellanlegg, tunnelar, T-banestasjonar og underjordiske garasjeanlegg med tanke på å bruke dette som tilfluktsstader for allmenta.

Ingen nasjonal oversikt

DSB kan ikkje svare på kor mange norske tilfluktsrom som er tilfredsstillande haldne ved like og funksjonsdyktige i dag eller kor mange pålegg som er blitt utferda etter tilsyn. Dei viser i staden til kvart av dei 20 sivilforsvarsdistrikta for svar.

Sidan 2023 er det ifølgje DSB samla ført tilsyn med 199 av 18.600 tilfluktsrom. Mona Brygard, seksjonssjef i Sivilforsvaret, skriv i ein epost at det i 2023 samla vart gjennomført 48 tilsyn med tilfluktsrom. I 2024 vart 117 rom kontrollerte, medan det frå januar til juli 2025 vart gjennomført 34 tilsyn.

Det er eit snitt på 66 tilsyn i året. Sivilforsvaret har sjølv sett som mål å gjennomføre 200 tilsyn kvart år.

Powered by Labrador CMS