nyhende

Ellen Instefjord, gåve- og kommunikasjonssjef i Sparebankstiftelsen SR-bank, overrekkjer donasjonen til Torstein Enger i Redningsselskapet Region Vest. Foto: Redningsselskapet / NPK
bc63d744-966e-4a99-9b09-8162a6296794.jpg

Ingen skal drukne i Sunnhordland og Rogaland

Ein ny donasjon til Redningsselskapet gjer at alle ungdomsskuleelevar i Rogaland og Sunnhordland no får kurset «RS Trygg i Vann».

Publisert Sist oppdatert

Redningsselskapet Region Vest har fått to millionar kroner frå Sparebankstiftelsen SR-bank til utrulling av det livreddande kurset «RS Trygg i Vann» for ungdomsskuleelevar i Rogaland og Sunnhordland.

Donasjonen dekkjer kostnadene til å gjennomføre kurset i alle dei kommunane i Rogaland og Sunnhordland som per i dag ikkje har ein fast avtale med Redningsselskapet, skriv selskapet sjølv i ei pressemelding.

– Dette er ein milepæl i arbeidet med å redde liv, og eit massivt steg nærare Redningsselskapets visjon «Ingen skal drukne», seier Torstein Enger, rådgivar for førebygging Redningsselskapet.

Kurset «RS Trygg i Vann» har over fleire år vorte utvikla og finjustert i nært samarbeid med kommunar i Rogaland og i resten av landet.

I desember i fjor fekk Redningsselskapet ein donasjon på 4 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til nødvendig oppgradering av redningsskøyta RS «Elias».

Powered by Labrador CMS