nyhende
Ingen pasientar med covid-19 i Helse Fonna
For første gong sidan 3. februar er det i dag ingen pasientar med covid-19 innlagt i Helse Fonna. Det er administrerande direktør Olav Klausen svært glad for.
– Det var nokre tøffe veker då det stod på som verst, med innlagde covid-19-pasientar på alle våre sjukehus, der fleire av desse fekk intensivbehandling. Medarbeidarane våre har gjort ein formidabel innsats, og eg vil også rosa kommunane og innbyggjarane i regionen, som har ofra mykje for å slå ned denne smittebølgja, seier Klausen, som gler seg over at Helse Fonna nærmar seg normal aktivitet igjen, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.
På det meste hadde Helse Fonna 12 pasientar med covid-19 innlagt, den 29. mars. Til samanlikning var det aldri meir enn ti pasientar med koronasmitte innlagt i helseføretaket då pandemien braut ut i fjor vår.
I dag er det meldt om 14 medarbeidarar i koronarelatert fråver, av totalt ca. 4.000 tilsette i Helse Fonna.