nyhende
Ingen over 65 på Stortinget etter valet: – Eit demokratisk problem, åtvarar pensjonistleiar
Etter stortingsvalet i haust vil det for første gong ikkje vere éin einaste representant over 65 år på Stortinget.
Det skriv Åge Rosnes, sentralstyremedlem i Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) og SV-politikar, i ein kronikk på NRK Ytring måndag.
– Dette er eit demokratisk problem. Partia har ikkje gitt éin einaste av dei 1,1 millionar alderspensjonistane i landet ein sikker plass på listene, skriv Rosnes i ein kronikk.
Han har sjølv gått gjennom vallistene til alle stortingspartia og konkluderer med at seniorane er fråverande både blant sikre kandidatar og vararepresentantar. Unntaket er éin andrekandidat frå Raudt i Hordaland, som kan få plass om Raudt gjer eit brakval.
Støre blir eldstemann
– Partia er flinke til å løfte fram ungdomskandidatar og sørgje for kjønnsbalanse. Men seniorane er det tydelegvis ikkje plass til, seier han.
Rosnes peikar på at personar over 65 år utgjer rundt 20 prosent av befolkninga, men dette blir ikkje reflektert i samansetninga av nasjonalforsamlinga. Han viser til at i inneverande periode er berre tre representantar over 67 år. Når det nye Stortinget trer saman, vil ingen vere eldre enn statsminister Jonas Gahr Støre, som akkurat har fylt 65 år.
Tre andre fyller 65 år i løpet av perioden, blant dei Erna Solberg.
Fleire veljarar over 65 enn under 30
– Eldre har mykje erfaring og ser gjerne samfunnet i sin heilskap. Dei er ikkje berre opptekne av saker som er i vinden, skriv Rosnes, og legg til at seniorane er svært engasjerte i politikk, særleg innan helse, omsorg og pensjon.
Han ber partia slutte med det han omtalar som «honnørplassar» – der eldre kandidatar står på listene utan reell moglegheit for val – og heller gi seniorar reell innverknad.
– Det bør vere eit tankekors for partistrategane og sekretærane at talet på veljarar under 30 år er langt færre enn gruppa over 65 år, åtvarar han.