nyhende

Velde Asfalt AS vann kontrakten for Vestland Fylkeskommune. Verdien på kontrakten er rett i overkant av 30 millionar kroner.
Velde Asfalt AS vann kontrakten for Vestland Fylkeskommune. Verdien på kontrakten er rett i overkant av 30 millionar kroner.

Ingen ny asfalt til Sveio sine fylkesvegar

Totalt i heile Vestland fylke skal det i sommar rullast ut 205 kilometer ny asfalt, men det vil ein ikkje merka på vegane i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Løyvingane til nytt dekke på fylkesvegane er auka, og Vestland fylkeskommune har som mål å leggja dobbelt så mykje asfalt som i fjor. Vestland Sør får totalt 63 220 meter med ny asfalt. Ganske likt som Vestland Midt (Bergen og omegn), som får 63 299 meter. Sveio er ikkje prioritert i denne omgangen.

Stort behov i heile fylket

– Strekningane som skal få nytt dekke er først og fremst prioritert ut i frå spordjupne og kor ujamn vegen er. Samstundes som løyvingane har auka betydeleg frå i fjor, så er behovet for nytt dekke stort i heile Vestland. Me må halda dette nivået i mange år skal me seia oss nøgde med tilstanden på vegdekket. Realiteten er faktisk at me må auka tildelingane noko meir skal me koma rundt, og me må sjå det i samanheng med generelt vedlikehald av vegane våre, opplyser Åsmund Andersen Sekse, leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune.

Anbodsrunde

Vestland fylke er delt inn i tre dekkeleggingskontraktar, og blei lyst ut i slutten av mars i år. I Vestland Sør var det Velde Asfalt AS som vann kontrakten.

Dekkeleggingssesongen er intensiv, og går frå mai til utpå hausten. Med det nivået som det er lagt opp til i år vil det vera aktivitet langs mange fylkesvegstrekningar denne sommaren.

Powered by Labrador CMS