Fleira lærarar, mellom anna ved Sveio skule, protesterte mot regjeringa si innblanding i lærarstreiken ved å melde seg ut av Arbeidarpartiet.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Ingen karantene ved smitte i klassen
Barn slepp karantene når dei er nærkontakt til andre enn dei bur med. Dermed treng dei ikkje gå i karantene ved smitte i skule eller barnehage.
NPK-NTB: Regjeringa har oppdatert ei pressemelding som vart send ut måndag, med ei rekkje unntak frå smittekarantene, skriv Bergens Tidende.
No slepp mellom anna barn karantene ved smitte i klassen, står det i meldinga.
Dette inneber at det blir gitt unntak for barn for karantene ved nærkontaktar med ein smitta som dei ikkje bur saman med eller er tilsvarande nær.
Dei blir likevel tilrådde å teste seg.
«Det betyr at barn under 18 år bare skal i smittekarantene dersom de er husstandsmedlem eller tilsvarende nær den som er smitta. De kan teste seg ut med PCR på dag 7, slik som vaksne» skriv regjeringa.
I tillegg gjeld ikkje smittekarantene for følgjande personar:
• Dei som har gjennomgått korona dei siste tre månadene med varigheit frå avisolering til tre månader etter prøvedato.
• Dei som har fått oppfriskingsdose for minimum éi veke sidan. Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære til den smitta må i tillegg testast dagleg med antigen hurtigtest eller annankvar dag med PCR-test i sju døgn etter nærkontakten