nyhende
Ingen brev i postkassa, foreslår utval
Utvalet som har vurdert framtidas postsystem, foreslår å kutte utdeling av brev til folks postkasser. Dei som absolutt treng det, kan få post éin gong i veka.
Eit fleirtal i det hurtigarbeidande utvalet som skulle vurdere framtida til postsystemet, går inn for at vanlege folk ikkje lenger skal få brev rett i postkassa, men at dei må hentast på ein hentestad, som post i butikk, skriv dei i ei pressemelding.
Dei som treng postkasselevering, skal likevel få høve til å få det.
– Eg har i dag teke imot Postutvalgets rapport og merkar meg at eitt av fleirtalsforslaga er at brev skal utleverast på postpunkt, men at det skal vere mogleg for dei som treng det å avtale postkasselevering av brev. Det er for tidleg for meg å meine noko om dette no. Rapporten er no send på høyring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til NTB.
Mindretal vil ha post i postkassa
Mindretalet i utvalet på éin person, går motsett veg og meiner posten som hovudregel må leverast i postkassa, men at ein bør kunne velje å få den utlevert på ein hentestad.
Postutvalet vart sett ned av Nygård i januar og har vorte leidd av direktør Elisabeth Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Måndag vart rapporten frå utvalet overlevert til Nygård.
– Fallet i brevmengda dei siste åra har vore ekstremt stort, noko som inneber at kostnaden per attverande brev som blir sendt, blir svært høg. Med denne utgreiinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for framtidas postregulering på plass. Eg ser fram til å lese rapporten og meiner dette arbeidet gir eit godt grunnlag for den vidare prosessen, seier samferdselsministeren.
Beredskap
Aarsæther seier på si side at tilrådinga vil sørgje for at Noreg framleis har eit solid postsystem, og at det gir svært viktig beredskap.
– Likevel meiner vi at det er på høg tid å endre bruken i staten av både pengar og regulering for å sikre både noverande og framtidige behov, og bidra til at fleire aktørar kan tilby tenester. Vi håpar at arbeidet vårt kan bidra til eit framtidsretta og berekraftig postsystem for Noreg, seier utvalsleiaren.
Den siste tida har fleire kommunar testa ut tenesta «På dørterskelen» der postbodet har banka på døra til eldre og levert brev og informasjon. Fleirtalet vil droppe tenesta som statleg finansiert postteneste, men støttar eit slikt tilbod på kommersielt grunnlag.
Mindretal
Det er Fagforbundets utvalsmedlem, Gerd Øiahals, som går imot tilrådinga frå fleirtalet. Ho meiner det er ei dårleg løysing at folk berre skal kunne hente posten i butikk eller på andre hentepunkt.
– Mange av dei som treng å få post heilt heim, er folk med låg digital kompetanse. Faren er stor for at mange ikkje vil forstå at dei må ta eit aktivt val for å få breva heim, og mange vil ikkje meistre den digitale løysinga ein eventuelt må bruke. Det er alvorleg viss bestemor di ikkje får innkalling til legetimen, seier ho i ei pressemelding.
Ho vil i staden ha fast postlevering i postkassa for alle ein gong i veka.
Brev i postkassa? Ikkje no lenger, foreslår utval. Foto: Vidar Ruud / NTB/ NPK