Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Halvparten av kloppene på Nipastien allereie ferdige:
– Imponert over dugnadsinnsatsen
– Eg er så imponert over den frivillige innsatsen. Engasjementet er fantastisk, og halvparten av kloppene er allereie på plass berre få veker etter at me fekk ut materialane.
Rådgjevar for samfunnsutvikling i Sveio, Marit Persen Liknes, er full av lovord og reknar med at Nipastien – det store turstineettverket rundt Emberlandsnipen – skal vera fullført i løpet av hausten. Ho gler seg over at alle dei frivillige laga no er i gang med arbeidet, kvar på sine delar av prosjektet.
Ivrige pensjonistar
Det er Auklandshamn Bygdalag, Bua Bygdalag og Haukås, Tveita og Nesse Velforening som har påtatt seg arbeidet med å byggja kloppene. Auklandshamn Bygdalag har den lengste etappen, frå Stølen til Emberlandsnipen. Dette laget kom også først i gang og har kome lengst. Ein god gjeng har medverka til dette, ikkje minst dei tre ihuga pensjonistane Johannes Lie, Steinar Jacobsen og Inge Mjånes.
– Me er snart i mål. Av dei 1.450 metrane med klopper me har fått i oppdrag å byggja, står knapt 500 meter igjen. Frå Appelsinsteinen til toppen av Emberlandsnipen, fortel Lie.
Fram til sist torsdag var det utført 287 dugnadstimar, fortel Ole Andreas Båsund-Ljøen. Han er ein av dei som organiserer dugnaden. Timetalet er viktig. Dersom prosjektet går me overskot, vil dei ulike laga få betalt etter innsatsen.
Johannes Lie har vore sterkt engasjert i arbeidet med å leggja til rette for turgåing heilt sidan Nipaståvo blei sett opp i 2021. Som representant for bygdalaget har han vore med i arbeidet med turstiprosjektet heilt frå idéstadiet. Det første planleggingsmøtet han var med på, var i desember 2022. Drivkrafta bak engasjementet forklarar han slik:
– Kjekt og sosialt
– Eg er pensjonist, men likar å ha noko å gjera på. Dette er kjekt, sosialt og gir god trim, seier han.
Vestavind møter Lie, Jacobsen og Mjånes idet dei er i ferd med å fullføra stien mellom Eikeland kapell og Nipaståvo, som også er ein del av prosjektet. Dagen etter fullførte dei stien mellom Sætre og Emberlandsnipen.
– Me går heilt på sjølvstyr. Jobbar når me har lyst og er heime når det regnar, seier Jacobsen muntert.
Han og Mjånes har vore ute på kloppebygging to og tre dagar i veka sidan arbeidet starta.
God trim og tunge tak har det vore rikeleg av. Plankane som helikopteret droppa på avtalte stader, må trekkjast fram til stadene der dei skal brukast. Til prosjektet er det dessutan kjøpt inn to ryggsekker med elektroverkøy som er stasjonerte på ein stad med ladestasjonar som alle dei tre laga har tilgang til. Oppfylt med maskinar og batteri veg kvar sekk 25 kilo. Og kvar dugnadsdag må dei bera ein slik sekk med seg ut i terrenget.
Frå Stølen til Haukås
Auklandsham Bygdalag sin etappe omfattar stilen frå parkeringsplassen på Stølen via Nipaståvo til Emberlandsnipen, men også dei to nemnde sidearmane til kapellet og Sætre, sti rundt Mjånestjørna til Auklandshamn bedehus og sti frå Mjånestjørna via Långhamro til Eikeland kapell. Bua Bygdalag har ansvar for kloppebygging på ein sti frå Emberland til Emberlandsnipen og så vidare i retning Tveita. Denne siste delen omfattar også ei rundløype rundt Styrteplass.
– Me er i gang med jobben no, seier Arne Haukås i Haukås, Tveita og Nesse Velforening.
Etter dugnadsinnsatsen torsdag i veka som gjekk, var 150 meter med klopper ferdige. Haukås reknar med at velforeininga vil vera ferdig med sin del av kloppene etter eit par kveldsøkter til. Deretter gjenstår rydding og merking.
Også Bua Bygdalag er i gang med sin del av jobben, fortel Svein Lokna Vold.
– Me jobbar frå toppen og nedover mot Emberland. Eg reknar med at me har fullført 25 prosent av den jobben me er ansvarlege for, seier han.
Vold rosar dei som har vore med så langt, og oppmodar samstundes fleire til å melda seg.
– Me starta med faste dugnadsøkter på laurdagar, men ser at mange har det travelt på denne tida av året. Om nokon vil arbeida andre vekedagar, er det berre å ta kontakt.
2,5 km med klopper
Siste del av turløypa følgjer gang- og sykkelstien langs Fv. 47 frå nordre Tveita til parkeringsplassen ved bussterminalen på Haukås.
Når kloppene er ferdige skal det også setjast opp store informasjonstavler med kart ved startpunkta Stølen, Sætre, Emberland og Haukås. Ute langs løypene skal det også setjast opp ei rekke mindre skilt med vegvisarar og stadnamn.
– Skiltpakken er vedtatt og skilta sette i bestilling, fortel Liknes.
Den totale lengda på stien er 18,7 kilometer. Totalt er det planlagd 2.580 meter med klopper. Budsjettet er på 2,8 millionar kroner. Prosjektet er fullfinansiert med tilskot frå Sveio kommune, spelemidlar, tilskot frå Sparebankstiftelsen, Sparebanken Norge og private verksemder som Bremnes Seashore.
Opphavleg var stien planlagd frå dagsturhytte til dagsturhytte, altså frå Nipaståvo til Golfståvo ved Sveio Golfpark. Manglande grunneigaravtalar for den siste delen gjorde at planane blei endra.
– Det er likevel eit flott prosjekt, seier prosjektleiar Leif Grindheim, som gir Liknes mykje av æra for at dette no blir realisert.
Det same gjer Johannes Lie i Auklandshamn, som også framhevar den rolla Liknes har hatt.