nyhende

Imponerande kabaret

«Butikk-krigen og forboden kjærleik» byr på mykje lått og løye, men også alvor. Her er det oppstandelse på fleire måtar, og ein moderne versjon av Romeo og Julie. I går var det premiere.

Publisert Sist oppdatert

Det 10.-klassingane ved Sveio skule har fått til på nokre få veker er rett og slett imponerande. I løpet av kabareten, og me skal ikkje røpa for mykje for dei som enno ikkje har sett den, får publikum servert ei rekke nummer, både på scena og video.

Dei tre klassane har ei klar, raud tråd gjennom det heile. Som i musikalen West Side Story, er det to sider og familiar som kjempar mot kvarandre. I kabareten er scena sett til Sveio og butikkane Kniwi og Sextra. Her tyr ein til både det eine og andre for å stikka kjeppar i hjula for kvarandre.

Kniwi-sjefen vil at dottera Julie, spelt av Caroline Larsen Haldin, skal overta butikken, men det vil ho ikkje. På ballet treff ho Sextra-dotter Ronja, spelt av Linea Kristin Lae Pedersen, og ein forboden kjærleikshistorie er i gang. Medan den utviklar seg, tar kabareten butikk-krigen vidare. Til og med kundane hamnar i krangel.

Kosteleg bestemor

Undervegs dukkar Vestafis-journalisten Rikke Sørensen stadig opp, og lovar at saka kjem i avisa neste veke. Kabareten er også innom ulike emner, som straumprisar og overforbruk av pillar blant eldre. Olai Bøe er kosteleg som Sextra-bestemor Eldbjørg gjennom heile kabareten.

Eit vellukka grep er å veksla mellom video og scene. Særleg Morten Danielsen og Heine Haugsgjerd sine skråblikk på lærarar og helsesøster fekk fram låtten i salen. Her var det tydeleg at både elevar og vaksne kjende igjen det dei fokuserte på.

Eit av videoinnslaga fekk underteikna til å skvetta i stolen fleire gonger. Her er det berre å seia at det skjer mykje skummelt når elevane overnattar i Sveio kyrkje… Veldig bra laga!

Har gjort ein kjempejobb

Undervegs byr kabareten også på ulike nummer med sang og dans. Til og med drill har dei funne plass til. Det skjer så mykje i løpet av 1 time og 45 minuttar at det var godt med ein pause halvvegs.

Det er lett å fokusera på dei som står mest på scena, men det blir ikkje kabaret utan alle som bidrar. Planlegging, skriving, film, klipping, lyd, lys, kostyme, sminke, scenerekvisitar, sponsorarjakt og alt som må til for å få folk til å koma på forestillinga. For å nemna noko.

Elevane har gjort ein kjempejobb, og programmet til kabareten er like mykje ei lita avis som fortel publikum om prosessen fram til premieredagen.

Det er berre å gleda seg for dei som skal på dei to siste forestillingane i kveld!

Powered by Labrador CMS