nyhende

Kart: BarentsWatch.no
Kart: BarentsWatch.no

ILA påvist ved Grimsholmen

25. april varsla Mattilsynet om at det var mistanke om infeksiøs lakseanemi (ILA) ved Sjøtroll Havbruk AS sitt lakseoppdrett ved Grimsholmen. No er mistanken stadfesta.

Publisert Sist oppdatert

Kva er ILA?

  • Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein alvorleg og smittsam virussjukdom på fisk. ILA-viruset er i slekt  med influensavirus, men det gir ikkje sjukdom hos varmblodige dyr og menneske.
  • Viruset skadar blodceller og blodkarsvev og kan gi alvorleg blodmangel. Sjukdomen kan gi opptil 90 prosent dødelegheit, og var sjukdomen som nesten tok knekken på fiskeoppdrett i Chile.
  • Dei siste åra har det vore ca. 10 utbrot i året i Noreg, men i 2015 gjekk det opp til 15.
  • Ved påvising av ILA må all fisk i oppdrettsanlegget slaktas ut. Utstyret må reingjerast og anlegget brakkleggast i tre månadar før oppdrettaren kan setta ut fisk igjen.
  • I tillegg blir det som hovudregel oppretta ei sone for å motverka sjukdom og observera rundt anlegget. Restriksjonssona avgrensar transport, pålegg sjukdomsovervaking og prøvetaking.

Kjelde: BarentsWatch

Det var Sjøtroll som varsla om funn som kunne vera samsvarande med ILA. Medan ein venta på svar, blei det sett i verk tiltak for å unngå spreiing av eventuell sjukdom, og Mattilsynet tok prøver av fisken 29. april.

Påvist ILA

No stadfestar Mattilsynet at det er påvist ILA på bakgrunn av inspeksjon av fisken, teikn til sjukdom og analyseresultat frå Veterinærinstituttet.

For å avgrensa smittespreiing, er lokaliteten ilagt restriksjonar, blant anna med forbod mot flytting av fisk uten særskilt løyve.

Restriksjonssone

Innan kort tid vil det bli oppretta ei restriksjonssone for å førebygga, avgrensa og motverka ILA.

Ei restriksjonssone består av ei vernesone og ei overvakingssone, og vil medføra restriksjonar blant anna på trafikk i området kring lokaliteten.

Lokale tilpassingar ut frå antal lokalitetar i området, avstandsforhold, straumforhold osv. blir lagt til grunn for storleiken på restriksjonssona. Mattilsynet skriv at ein reknar med at sona vil ha ei utstrekking på 10-20 kilometer.

Ei restriksjonssone vil mellom anna påverka fiskeri i området. Her finn du spørsmål og svar hos Fiskeridirektoratet.

Powered by Labrador CMS