nyhende
– Ikkje verdsett som dei andre
– Ungdomsrådet blir ikkje verdsett på same måte som eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne, sa Hans Ole Emberland i kommunestyret måndag.
Han er nestleiar i ungdomsrådet og møtte på kommunestyremøtet der rådet har tale- og forslagsrett. Emberland nytta denne retten då politikarane behandla endringar i forskrift om godtgjersle til folkevalde.
Med den nye forskrifta vil ungdomsrådsrepresentantar få godtgjersle for møte i ungdomsrådet. Men Emberland hadde merka seg at godtgjersla til ungdomsrådet er lågare enn den som blir gitt til medlemmene i eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne. Dette var han usamd i og foreslo at satsane skulle bli dei same for alle tre råda. Forslaget fekk ni stemmer og blei dermed ikkje vedtatt.
– Eg er glad for støtta eg fekk, men ikkje heilt nøgd med resultatet, sa Emberland til Vestavind etter at saka var avgjort.