nyhende
Ikkje tid eller ressursar til å prioritera sommarskule
I slutten av februar inviterte Utdanningsdirektoratet kommunane i landet til å søkja tilskot for å arrangera sommarskule i 2021. Sveio kommune kunne fått minst 653 000 kroner, men unnlot å søkja, av ulike årsakar.
Både FAU ved Sveio skule og politikarar har spurt kommunen om årsaka til at det ikkje blei søkt om midlar. I eit kort brev gjer foreldreutvalet uttrykk for at mange foreldre har ytra ønskje om eit tilbod i starten av sommarmånadane, og at eit sommarskuletilbod kunne gagna mange barn i kommunen.
I sist kommunestyremøte forklarte ordførar Linn Therese Erve kva som låg bak den administrative vurderinga kring sommarskule, som svar på ein interpellasjon.
Var på gang
I starten av året var kommunen i ferd med å undersøka korleis eit slikt opplegg kunne løysast, før ordninga frå Udir var kjend. Etter at moglegheita om å søkja midlar kom i siste halvdel av februar, har det vore avgrensa med tid og ressursar, og sommarskule har vore vanskeleg å prioritera i ein periode der nærast all fokus har vore på skulebruksplan og drift under varierande smittesituasjonar.
– Å søka om tilskot til sommarskular krev at kommunen har tankar om kva tilbod som skal organiserast ved hjelp av midlane, og at nokon administrerer dette, seier ordføraren.
Gode sommartilbod
Tidlegare år har blitt vurdert og forsøkt med sommarskule, utan særleg respons, og det er heller ikkje mange som nyttar seg av sommar-SFO. Erve viser til Sveio frivilligsentral sitt opplegg Drømmesommar og Sveio IL sin fotballskule, som har blitt svært godt motteke.
– Begge ønskjer å organisera eit tilbod i år også, men det er avhengig av smittesituasjonen, seier ordføraren, som håpar det vil bli mogleg å søka tilskot til sommarskule neste år også.
– Då vil me vera meir førebudde og ha meir tid tilgjengeleg til å gjera ei kartlegging av behov, planlegga innhald og få til ei god organisering – forankra i eksisterande satsingar som til dømes «Hallo! Adjø!»-prosjektet og MOT-programmet. I løpet av våren vil me òg sjå om det er andre tilskot å søkja på, seier Erve.
– Beklageleg
Det var Sveio Høgre som sendte ein skriftleg førespurnad til ordføraren i forkant av kommunestyremøte vedrørande moglegheita til å laga sommarskule. Lars Einar Hollund (H) forklarar at å motverka utanforskap blant unge, har for Høgre – både i regjering og lokalt, vore ei viktig flaggsak.
– Regjeringa har gitt betydelege summar til kommunane for at dei saman med lag og organisasjonar skal kunna skapa god gratis-aktivitet til alle våre barn og unge. Me har stor forståing for frustrasjonen som kjem til uttrykk gjennom FAU ved Sveio skule. Det er derfor ekstra beklageleg at me i Sveio ikkje klarar å fanga opp tilgjengelege moglegheiter, seier Hollund.
Han legg til at Sveio kommune går glipp av om lag 2,5 millionar kroner i tilskot til sommarskule og fritidskortet.
– Dette er pengar som ville gitt mykje ettertrakta aktivitet for våre unge, men det ville og styrka våre lag og organisasjonar, seier Høgre-politikaren.