nyhende
Ikkje sidan 1927 har så få gifta seg
Tal vigslar i Noreg blei kraftig redusert i koronaåret, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Sveio følgjer berre delvis trenden.
I Noreg var det 16 200 vigslar i 2020, ein nedgang på 19 prosent frå 2019 og det lågaste talet sidan 1927.
Liten lokal nedgang
Talet på inngåtte ekteskap totalt i Sveio kommune har dei to siste åra gått litt ned – frå 17 par i 2019, til 14 i 2020.
Oversikta viser at det var flest borgarlege vigslar (9 i 2019, 8 i 2020) i forhold til kyrkjelege (8 i 2019, 6 i 2020).
Når ein ser på kvart sokn for seg, er det ei lita endring: I Sveio sokn var talet på vigslar 1 i 2019, mot 4 i 2020. Tilsvarande i Valestrand og Førde sokn var talet 7 i 2019 og 2 i 2020.
Størst nedgang første halvår
Nedgangen i talet på vigslar i Noreg var uvanleg bratt, men fordelte seg ikkje jamt utover året. Samanliknar ein 2020 månad for månad med eit gjennomsnitt for åra 2015-2019, vert bildet meir nyansert.
Ifølgje SSB heng truleg dette saman med at det var fem laurdagar i februar månad i 2020, og ein av dei var attpåtil skotårsdagen. Dette var også før koronatiltaka blei iverksett. Samstundes var det også fleire vigslar i oktober og desember samanlikna med åra før.
– Tala viser at korona-tiltaka frå 12. mars 2020 gjorde at mange utsette bryllaupet. Om dette leier til ein auke i 2021, ettersom mange av dei utsette bryllaupa kanskje skal gjennomførast i år i staden for, vil visa seg, seier Tømmerås.