nyhende

- Det er svært skuffande at fylkestinget ikkje ser verdiane av å knyta fylket saman med Hordfast, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).
Linn Therese Erve (Ap), ordførar i Sveio.

Ikkje overraska over vidareføring av koronatiltak

Regjeringa vil oppretthalda alle koronatiltaka til over påske. – Ikkje uventa, seier sveioordførar Linn Therese Erve (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Ho slår fast at alle må innretta seg etter dei tiltaka som er sette verk og dermed bidra til minst mogleg smittespreiing. Samstundes peikar ho på at tiltakspakkar overfor kommunar og bedrifter må koma på plass.

– På pressekonferansen tysdag ettermiddag sa statsministeren at nokre bedrifter ikkje vil overleva koronakrisa. Trur du det også gjeld bedrifter i Sveio?

– Ja, eg reknar med at bedrifter også i Sveio kan få det vanskeleg, utan at eg vil peika på bransjar eller enkeltverksemder, seier Erve.

Vil snakka med bedriftene

Ho legg til at ho i tida framover vil ta kontakt med bedriftene i kommunen og skaffa seg oversikt over kor skoen trykkjer mest for den enkelte.

Forbodet mot overnatting i hytter i ein annan kommune enn der ein bur, blir også oppretthalde. På direkte spørsmål stadfesta Høie at det ikkje blir gjort forskjell på små kommunar med mange hytter på fjellet, og større hytter ved sjøen. I media har det dei siste dagane blitt stilt spørsmål om ikkje båtturisme og campingvogner og bubilar bør koma inn under same regelverket som hytter.

– Ja, det hadde vore rimeleg,  Både når det gjeld smittespreiing og belastning på det lokale helsevesenet kan campingturisme representera eit like stort problem som hyttene, seier sveioordføraren.

Over påske

Det var altså på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag at statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie gjorde det klart at dagens koronatiltak blir vidareførte til over påske. Det vil seia fram til og med 13. april. Regjeringa vil vurdera situasjonen på nytt 8. april. Då kan det bli spørsmål om å letta eller også skjerpa tiltaka, sa Erna Solberg.

Barnehagar og skular må altså halda stengt til over påske. Det blir også forbod mot kultur- og idrettsarrangement både innansørs og utandørs. Helseministeren varsla dessutan eit forbod mot å vera saman i grupper på meir enn fem personar, bortsett frå dei ein bur saman med. Dette blir først gjort gjeldande frå fredag.

– Men det skadar ikkje å starta med ein gong, repliserte  statsministeren.

Åtvarar mot lette for tidleg

Både statsministeren og og helseministeren la vekt på at målet er å redusera smittespreiinga mest mogleg. Derfor er dei opptekne av å ikkje letta på restriksjonane for tidleg, for å unngå at pandemien blomstrar opp igjen.

Regjeringa og fagfolka i Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet trur dessutan ikkje at smittetoppen er nådd. Derfor jobbar dei parallelt med å auka kapasiteten på sjukehusa.

Ordførarane blei oppmoda til å samarbeida over kommunegrensene, slik det blir gjort på Haugalandet. Og kommunalminister Monica Mæland (H) fortalte at det er sett i gang eit arbeid med å avklara kva kommunar har lov til og ikkje lov til når det gjeld smitteverntiltak ut over det som sentrale styresmakter har bestemt.

Powered by Labrador CMS