nyhende
Svarar på pengekritikk om Vikingland:
– Ikkje noko kommunen var kjend med
Kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen svarar på påstandar frå tidlegare styreleiar i selskapet som jobba for Vikingland, om at pengane var der og Sveio kommune brukte for lang tid. – Me var «på», seier Tollefsen, og legg til at dei ikkje var kjende med at finansiering var på plass.
Ei nyleg sak i Haugesunds Avis summerer historia til det planlagde Vikingland som aldri kom på Bjelland i Sveio.
Men i saka i Haugesunds Avis seier Geir Tore Henriksen at pengane var på plass, og at det var regulering og avgjersleprosessane som tok for lang tid. Henriksen er tidlegare styreleiar i Vikinglandet Utvikling AS, selskapet som jobba for ein vikingpark på Bjelland.
Det stemmer ikkje, ifølgje kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen.
– Kommunen har strekt seg langt
– Eg opplever at me har vore «på» for å tilretteleggja for ein temapark til regionen og Sveio. Kommunen har strekt seg langt og har ynskt ein tett dialog med prosjektet undervegs. Det har vore ynskja endringar frå tiltakshavar undervegs som gjer at prosessen tok meir tid, seier Tollefsen.
– Henriksen seier at pengane var der?
– Det er ikkje noko kommunen var kjend med, svarar kommunalsjefen.
– Henriksen seier reguleringsprosessen og avgjersleprosessen tok for lang tid. Opplever du at han skuldar på Sveio kommune?
– Det må nesten han svara nærare på, seier Tollefsen.
Mykje var ferdig utarbeida
Tollefsen forklarar at Sveio kommune si oppfatning er at finansiering var ein viktig del for å kunne realisera prosjektet. Dei hadde jobba i lang tid med prosjektet, og Tollefsen fortel om at det kom ynskje om endringar undervegs i frå leiinga i Vikinglandet Utvikling AS, noko som kravde ny runde med handsaming.
– Først hadde me eit planprogram som var til behandling. Så vart det endring frå tiltakshavar, og me utarbeida nytt planprogram som var på høyring og til vedtak. Deretter blei det leigd inn konsulent for utarbeiding av sjølve områdeplanen med konsekvensutgreiing, blant anna tema som kryssløysing til Fv. 47. Mykje av grunnlaget for ein områdeplan var ferdig utarbeida då prosjektet blei sett på pause, seier Tollefsen.