nyhende

august 2020
Førde skule.

Ikkje naturleg med felles leiing

I vår fekk rådmannen i oppdrag å sjå på moglegheita for å ha ein felles administrasjon inkludert rektor for skulane i Førde, Auklandshamn og Valestrand. No har politikarane konkludert.

Publisert Sist oppdatert

Det var eit innspel frå kommunestyret i samband med skulestruktursaka dette kom opp. Rådmannen legg til grunn at kommunen no skal driva fem grunnskular på best mogleg vis.

– Det er no viktig å skapa ro om saka og byggja eit godt fundament for vidare kvalitetsutvikling ved skulane våre.

Rådmannen si klare vurdering er derfor at Sveio kommune skal halda fram med å ha ein rektor for kvar skule.

Dette skriv han m.a. i saka som politikarane har fått: Kvar einskild skuleleiar har ei stor og viktig oppgåve i å leia kollegiet sitt i dette viktige omstillings- og fornyingsarbeidet. Difor må og kvart einskilt lærarkollegium få høve til å konsentrera seg om god utvikling og god dagleg drift avundervisningstilbodet.

I kommunestyremøtet 14. juni tok samtlege folkevalde til etterretning at det vil vera eigen rektor ved skulane i Sveio.

Powered by Labrador CMS