nyhende
– Ikkje meir snø med det første
Onsdag kom første snøfall på denne sida av sommaren. Den vart ikkje liggjande, og Meteorologisk Institutt seier den kjem nok ikkje att med det første.
– Me venta at det kunne kome flak, men ikkje at dei skulle verta liggjande på bakken, seier Alexander Skeltved, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk Institutt i Bergen.
Fare for snøfokk
Den første dagen i november månad kom truleg det første snøfallet i Sveio. Skeltved er noko overraska at det kom snø sidan Sveio ligg langs kysten.
– Men det er jo kaldt, og det er jo same kulde som skapar problem på Austlandet. Her vert den berre ikkje liggjande, seier Skeltved.
Han fortel at det vert mildare utover helga, så meir snø treng ein ikkje å frykta eller fryda seg over med det første. Til dei som pakkar bilen kjem han med ei åtvaring.
– Det er farevarsel for snøfokk i fjellet, så dei som skal ut å køyra fram til laurdag må vera på vakt, seier Skeltved.
Skiftande vêr
På same måte som geografien skjerma Sveio for meir snø, kjem kommunen også til å unngå den verste vinden.
– Dykk ligg langt nok nord til at ein ikkje får den kraftigaste vinden som ein får lengre sør. Men det kan framleis vera mykje vind, så ein bør vera obs uansett om ein skal på tur, seier Skeltved.
– Korleis vert vêret i helga?
– Laurdag og søndag kjem det skiftande med skyer, og så regn av og til. Det gjeld gjennom heile helga, sjølv om det ikkje vert så mykje nedbør, seier han.
– Har du noko forslag til aktivitet i helga, basert på vêret?
– Klatring, det er kjempegøy! Ein kan buldra innandørs i ein sånn buldrehall, det er topp! Viss ein skal vera ute så bør ein kanskje ikkje søka opp til fjellet, men halda seg i lågare turområde, seier han.
Nesten samd
Det er altså fullt mogeleg å vera utandørs i helga, viss ein er førebudd med riktig klede. Meteorologen gjev også eit kvalifisert svar på det kjende utrykket «det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede».
– Er du samd i utrykket?
– Nesten. Som meteorolog må eg seia at når det er ekstremvêr så må me setja ned foten og be folk vera forsiktig. Då kan ikkje klede hjelpa deg. Men på det jamne så treng ein ikkje å la joggeturen verta hindra av litt regn, humrar Skeltved.