nyhende
– Ikkje legg ned skulen vår!
I dag klokka 17 starta politikarane i HOK møtet, som første instans som skal ta stilling til mogleg nedlegging av to skular.
Måndag ettermiddag var det mange fargerike plakatar med lett forståelege bodskap å sjå utanfor Sveio kommunehus.
Høyr meg. Leik, ikkje buss. Ikkje ta vekk den trygge skulen vår. Vi kan bli vitne til at bygder avfolkes, og dør ut. Ikkje legg ned skulen vår.
Høyr mi stemme
Det var mange som ville visa politikarane at dei verkeleg brydde seg om skulen – og bygda si. Foreldre, ungar og andre bygdafolk som soknar til dei nedleggingstrua skulane i Valestrand og Auklandshamn hadde laga plakatar og mellom anna skrive «høyr mi stemme» på munnbind.
Nokre av politikarane tok seg tid til å sjå på plakatane då dei gjekk inn, og to av dei sju politikarane viste seg i vindauga ved møtestart, for å anerkjenna dei som hadde møtt fram.
I ei lita stund etter at møtet hadde starta, kunne ein høyra oppfordringane frå dei utanfor, som ropte så høgt dei kunne for at dei inne skulle få med seg kva dei sa.
Direkte på Teams
Møtet blir direktesendt via Teams, link til dette finn du på Sveio kommune.
I starten av møtet blei det avgjort å behandla denne saka til slutt.