NPK: Det blir ikkje villreinjakt på Hardangervidda etter 30. september i år. Villreinnemnda meiner dei har nok prøvar til å eventuelt påvise skrantesjuke.
– Jaktuttaket ligg an til å bli bra sett i forhold til storleiken på villreinstammen, og talet på CWD-prøvar frå jakta i år er bra. Dyra er i svært dårleg kondisjon og treng no ro før brunst og kommande vinter, skriv sekretær Kjetil Heitmann på vegner av Villreinnemnda i ei pressemelding omtalt i Laagendalsposten.
Villreinjakta på Hardangervidda starta 15. august, og Miljødirektoratet har sett i gang fleire tiltak for å sikre ei godt jakt. Mellom anna har dei gitt tilskot til utflyging av slakt, utvida jakttid og tilgang til GPS-posisjonar. Målet er å kjempe mot, og om mogleg utrydde, klassisk skrantesjuke. Alle jegerar har måtta ta prøvar av alle felte villrein som er eldre enn kalv.
Kvoten var på 7000 kort, fordelt på 50 prosent valfrie dyr, 50 prosent vaksen bukk og ein kalv på kvart kort. Til no er det registrert 1.019 felte dyr, og av desse er 33 prosent bukk.
Attverande bestand etter ordinær jakt er forventa å kunne gi rundt 1500 kalvar i 2023, noko som er ønskt bestandsnivå for simler.