nyhende

Vindmøller i Øresund mellom København og Malmö. Øresundbrua i bakgrunnen.
Vindmøller i Øresund mellom København og Malmö. Øresundbrua i bakgrunnen.

Ikea vil til havs med vindmøller

Ikeas investeringsselskap Ingka og den japanske energigiganten Kansai blir no med i konkurransen om flytande havvind på Utsira Nord.

Publisert Sist oppdatert

Selskapa har trua på norsk teknologi innan flytande havvind, skriv dei i ei pressemelding.

Dette er den første marknaden der Ingka og Kansai investerer innan flytande havvind. Dei inngår i det eksisterande Utsiravind-konsortiet med norske Odfjell Oceanwind og Source Galileo.

– Erfaringa deira, kompetanse og finansielle styrke forsterkar søknaden til konsortiet om flytande havvind på Utsira Nord, heiter det i ei pressemelding.

Ikeas investeringsarm investerer i grøne prosjekt og har allereie erfaring frå havvindprosjekt. 1. september er fristen for å søkje på Utsira Nord, området som regjeringa har opna for flytande havvind. 12 konsortium har meldt si interesse.

Kansai Electric Power Company, Inc. (Kansai) er Japans leiande energiselskap og er eit av selskapa i verda med lengst erfaring på betening av høgspentnett. Selskapet har dei siste åra omsett for rundt 300 milliardar norske kroner årleg.

Powered by Labrador CMS