nyhende

Ideane myldra på nytt folkemøte

Overnatting i hengekøyer på tilrettelagde plassar med spektakulær utsikt – eller i gamle låvebygningar. Vikingløype og badstu på hjul til bruk i samband med isbading. Ideane om korleis turiststraumen til bygda kan aukast, myldra til applaus på bygdemøtet på Bua torsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Møtet handla sjølvsagt ikkje berre om turisme, men kanskje aller mest om auka busetnad, næringsutvikling og eit vidt spekter av trivselstiltak for alle aldersgrupper. Den store magneten er fiskerihamna som er under bygging på Bømlo, og som arrangørane håpar skal gi ringverknader også i Sveio. Ja, for det handla ikkje berre om Bua-krinsen.

— Korfor ikkje sjå heile vestkysten under eitt, frå Auklandshamn til Vandaskog? Me har mange felles interesser og saman vil me stå sterkare, sa for eksempel Kåre Bua i debatten.

Open for samarbeid

Han brukte vidare utbygging av fylkesvegen frå Bua til Sveio som eksempel på saker der bygdene har felles interesser.

Dette fall i god ord, ikkje minst hos leiaren i Auklandshamn Bygdalag, Gerd Jorunn Christensen. Ho følgde første del av folkemøtet som observatør og var godt nøgd med det ho opplevde.

— Dette var både kjekt og lærerikt, seier Christensen til Vestavind.

Ho rosar initiativtakarane på Bua for at dei har klart å engasjera så mange. Christensen seier også at ho er open for samarbeid mellom bygdene.

Felles visjon

Folkemøtet torsdag var det andre i løpet av få veker på Bua, arrangert av LivOGLyst Buakrinsen. Prosjektet er dratt i gang av Bua Bygdelag. Svein Olaf Bua er leiar både i styret for bygdelaget og i styringsgruppa for LivOG Lyst Buakrinsen. Han leia folketmøtet saman Alf Edvin Hovda, som også er med i styringsgruppa.

— Så lenge dei frammøtte er nøgde, er me nøgde. Dette skal vera folket, innbyggjarane, sitt prosjekt, seier møteleiarane til Vestavind etter at dei har sett strek og ønska forsamlinga vel heim.

Medan det første folkemøtet samla over hundre deltakarar, var talet denne gongen mellom 30 og 40. Engasjementet syntest likevel å vera like stort. Dette kom fram både under den innleiande plenumssamlinga og under gruppearbeidet etter ein kort kaffipause.

Møtet starta med at dei frammøtte samla seg om ein felles visjon for bygda:

— Me vil ha ei levande bygd der unge og gamle trivest i eit trygt og framtidsretta miljø.

Treårig prosjekt

Mot denne bakgrunnen er første delmålet å få godkjent eit treårig prosjekt som vil utløysa eit tilskot på 390.000 kroner frå Vestland fylkeskommune. Det vil i neste omgang utløysa årlege tilskot på 30.000 kroner frå Sveio kommune.

Gruppene som blei etablerte torsdag, skal vera med på å samla dokumentasjon på eit breitt og idérikt folkeleg engasjement. Og tida er knapp, søknadsfristen til fylkeskommunen er 1. oktober.

Derfor blei det alt torsdag avtalt nye møtedatoar for gruppene. Tema for gruppesamtalane er busetnad, sosiale møteplassar, barn og ungdom, eldre, kommunikasjonare og trafikk, utmark og historiske plassar, næringsutvikling og nyetablering, jordbruk med tilleggsnæringar, turisme, handel og service.

Hastar med innspel til kommuneplanen

— 15. juni får me dessutan besøk av ein delegasjon med representantar for Statsforvaltaren, Innovasjon Norge og fylkeskommunen. Då får me sjanse til å presentera oss for dei, fortel Alf Edvin Hovda.

Om tida fram til søknadsfristen 1. oktober er knapp, så er det noko som hastar endå meir, kunne politikarveteranen Mikal Møller Hovda fortelja.

— Sveio kommune er i gang med revisjon av kommuneplanen. Allereie innan slutten av mai er det viktig for oss å koma med innspel om bustadutbygging og nye næringsområde. Det viser seg vanskeleg å koma inn med nye prosjekt om dei ikkje er med i kommuneplanen, sa Hovda, som i gruppearbeidet nettopp valde å jobba med bustadplanlegging og folkevekst.

Vil høyra unge si meining

Det var ei vaksen forsamling som engasjerte seg i bygdepolitikk i Skulehuset på Bua. Ved handsopprekking viste det seg at berre ein av deltakarane var under 30 år. Kristin B. Robberstad og Linda Elvira Rode Følsvik, som begge er med i prosjektgruppa, fortel korleis dei vil leggja opp gruppearbeidet for sin del:

— Me vil samla barn og unge til arrangement der dei kan ha det gøy og der me samstundes kan få vita kva ønske dei har for bygda. Det er ikkje sikkert meiningane deira er slik me trur.

Dei to damene, saman med Maria Christina De Winter, har allereie hatt kontakt med ein del av målgruppa.

— I samband med den tradisjonelle Prestevegturen 2. påskedag, la me ut påskeegg til barna saman med eit ark der barna kunne teikna og skriva kva dei ønskte seg i nærmiljøet. Me fekk inn ein god del svar, og tilbod som klatrepark, klatrestativ og ballbinge går igjen, fortel Robberstad og Følsvik.

Powered by Labrador CMS